Korleis kle på ein stormtrooper

Ein av dei vanskelegaste tinga med å vere ein stormtrooper, er faktisk å kle på seg. Å ta på drakta kan vere skikkeleg klønete. For, rustningen er ikkje spesielt fleksibel. Og når du tar på delane, blir det meir og meir vrient å bøye armar og føtter.

Rekkefølgja på delane du tar på deg er viktig. Kva som fungerer best for deg kjem an på kva for type stroppar du har og kva du liker, men dei fleste trooperar startar på botn.

Dette treng du

Slik gjer eg det

(Samandrag nedanfor.)

1. Underdrakt

Fyrst veltar eg meg sjølv inn i ei tettsitjande underdrakt. Det treng ikkje vere ei kompresjonssdrakt så lengje ho er svart, men nylon eller elastan er tilrådd sidan det hjelper å kjøle deg ned. Eg bruker eit generisk merke, svart, utan logoar eller synlege saumar. Det er ei todelt drakt, som gjer ting litt lettare. Det kjem an på stad og vêr, men eg har drakta vanlegvis på under sivilkleda mine før troopen. Slik sparar eg eit par minutt, og eg slepp å sprade rundt i berre trusa på parkeringsplassen utanfor rådhuset…

Eg legg så fram alt på bordet. Sterkt tilrådd. Gjerne eit høgare bord. Eg ser over alle delane og sjekkar at alt er OK. Viss det trengs gjer eg småreparasjonar med fyrstehjelpsskinet. Stormtrooperar trur på Krafta som bind galaksen saman – men vi kallar ho for gaffateip!

Viss noko treng større reparasjonar, noterer eg det ned til eg får gjere vedlikehald heime.

All of the parts spread out on a table
Alle delane spreidd utover eit bord

Viss hjelparen min ikkje kjenner kostymet frå før, dei får sjå over drakta saman med meg. Eg viser dei korleis alt skal festast og forklarar kva eg treng hjelp til og kva dei bør sjå etter når eg har drakta på. Eg har inntrykk av at dette hjelper hjelparen å forstå kva for begrensningar eg har, og gjer dei betre i stand til å passe på ute blant publikum.

Eg tar så ein liten slurk med vatn.

2. Lår

Sidan låra ikkje går an å opne, må eg ta dei på no. Eg festar knappane til "strømpebanda", men strammar ikkje beltet enno. Eg vil gjerne kunne bøye knea ei stund til.

3. Boots

Neste: bootsa. Eg tykte fottøyet var vanskeleg å ta på når eg fyrst fekk dei. Men etter nokre troopar har dei strekt seg ut nok til at føtene mine finner vegen ned utan problem. No kan eg stramme "strømpebandbeltet".

4. Leggar

Leggane opnast opp på baksida. Tidlegare hadde eg dei korrekte metallkrokane som festesystem, men dei var tungvinte og smertefulle. No bruker eg borrelås. Eg har òg borrelås på bootsen. Når eg tar leggane på, festar eg dei fyrst til borrelåsen på skoa, og så gjer eg justeringar bak. Då sit dei godt på, og eg får ikkje problem med at leggdelane vrir seg feil veg eller plutseleg sprett opp.

På dette tidspunktet kan eg ikkje lenger bøye knea. Alt som ligg lågare enn 25 cm er utanfor rekkevidde.

No blir ting snart heitare, så eg tar ein liten slurk med vatn igjen.

5. Mikrofon

Viss eg har tenkt å bruke røystboksen, eg teiper no mikrofonen til fjeset. Eg bruker maskeringsteip (slik malarar bruker) eller gaffateip (slik som på filmsett). Eg prøvde med lerretteip ein gong, men det sleit nesten av meg fjeset etter troopen. Eg føretrekk fjeset mitt med hud!

6. Balaklava

Eg tar no på meg ein balaklava. Dette er ikkje påkravd i dette kostymet, men han er nyttig fordi han har tre funksjonar: 1) Han skjuler fjeset mitt slik at det ikkje øydelegg illusjonen for barn og vertikalufordra vaksne som tittar opp under hjelmen. 2) Han leier vekk litt varme frå hovudet og hjelper med nedkjølinga. 3) Han helt mikrofonen på plass viss teipen losnar.

7. Halspakning

Neste del er ei halspakning. Eg har ei med glidelås og ei med borrelås. Begge fungerer som ei smekke, og eg stappar inn "skjørtet" i underdrakta. Mikrofonkabelen kjem ofte bittelitt i vegen her, men ikkje verre enn at det er leveleg.

Dette er for øvrig kostymedelen eg har mest problem med. Eg liker ikkje kjensla av noko rundt halsen. Skjerf, slips, høghalsa genserar, dresskjorter… Eg kan ikkje fordra det! Så halspakninga og eg er ikkje vener, for å seie det sånn. Men ho blir kledd på lell.

8. Røystboksen

No festar eg røystboksen og høgtalaren inni brystdelen. Eg bruker teip, men veit at enkelte bruker borrelås. Ingen av delane er ideelt på grunn av sveitte. Eg har lyst til å lage ei slags pose eller lomme. Då ville utstyret vore beskytta mot fukt, og eg slepp å bruke ein halv teiprull kvar gong. (Memo til meg sjølv: lag ei brystlomme.) (Også: Skaff meir teip.) Uansett, no koplar eg på mikrofonen og skrur på systemet.

«Test, test, ein, to, tre… The Deathstar plans are not in the main computer…»

9. Overkropp

Overkroppen min bruker det filmkorrekte stroppesystemet. Rompa, krossryggen og ryggplata er kopla saman med seks stroppar og brakettar. Susp- og magestykket er festa til bryststykket med tre stroppar og brakettar og to kvite stroppar med knappar (dei kvite stroppane er ikkje ein del av den korrekte stroppesystemet, men eg har lagt dei til for betre stabilitet). Krossryggen og magen er er festa til venstre med tre stroppar og splittnaglar.

Back, kidney and butt
Rygg og rompe

Kostymet opnar fire stader med trykknappar. Ein knapp koplar rompa saman med skrittet. Ein knapp oppe til høgre magen med krossryggen. Og to knappar, ein på kvar skulderbru, koplar brystet til ryggen. Den filmkorrekte måten har berre knapp på høgre skulderbru, den venstre var permanent festa. Eg har valt å bruke knappar på begge, for å gjere påkledning, oppbevaring og vedlikehald enklare.

Chest and abdomen
Bryst og mage

Eg bruker vanlegvis å kneppe på rompeknappen fyrst, og trø inn i overkroppen. Så kneppar eg mageknappen og dei to skulderknappane, og på desse tre spelar rekkefølgja inga rolle.

10. og 11. Ammobeltet og den termiske detonatoren

Ammobeltet er festa med to trykknappar på venstre og høgre side av mageregionen og med borrelås bak. Våpenhylsteret er permanent festa til beltet.

Eg kneppar knappane men treng hjelp til å stramme beltet og feste borrelåsen. Eg treng òg hjelp til å setje den termiske detonatoren på beltet bak. Han har metallklemmer, så det er berre å tre han på. Dette vil òg skjule belteovergangen.

På dette tidspunktet kan eg ikkje lenger bøye kroppen. Alt som ligg lågare enn 50 cm er utanfor rekkevidde.

Eg drikk litt vatn.

12. og 13. Skuldar og erme

Skulderbjellene har ein stropp som kneppast fast under skulderstroppane. Dette kan vere litt vrient å nå. Eg klarar det sjølv, men bruker å be om hjelp til dette. Straks skuldrane er på plass kan eg tre armane inn. No er det fram med ermene. Underarmen og overarmen er permanent festa med ei stropp, så eg treng berre å tre dei på. På overarmen, rett under armhola, finst ein krok som eg trer stroppa på skulderbjella i. Dette held ermet på plass.

The arm and shoulder bell
Ermet og skulderbjella

På dette tidspunktet kan eg ikkje lenger bøye armane. Får håpe at ikkje nasen startar å klø!

Straks ferdig.

14. Hjelmvifter

Viss eg bruker hjelmvifter, er dette tidspunktet å kople til batteriet og skru dei på.

15. Hanskar

Eg tar no på meg hanskar. Fyrst dei kvite underhanskane av bomull (ikkje påkravd, men veldig kjekt mot sveitte) og så dei svarte gummihanskane. Eg dyttar dei inn under ermet.

På dette tidspunktet har eg ikkje lenger finmotorikk i fingrane. Eg kan vinke, peike og knyte neven, men hjelpelaus utover det.

16. Hjelm

No gjenstår berre ein hjelm. Tidlegare hadde eg ein stropp under haka, men har tatt han vekk. Eg tar hjelmen på med ei vridande rørsle, som ein bruskork.

Med hjelmen på kan eg ikkje sjå rett framfor meg. Ikkje alle veit kor stor blindsona mi er no. Eg testa ein gong og kom fram til at det er minst fire meter. Og for å gjere ting verre, er det ikkje plass til brillene mine inni hjelmen. Utan kontaktlinser blir alt uskarpt. Men det spelar uansett inga rolle, for alt ser også mørkegrønt ut, så eg har mest ingen djupnesyn uansett. Og viss viftene mine ikkje er skrudd på, blir alt berre dogg.

På dette tidspunktet er eg praktisk blind.

Eg ruslar litt rundt, hoppar, vrikkar, viftar med armar og bein for å teste. Viss ingenting ramlar av, er eg klar. Hjelpar, vis veg!

På dette tidspunktet er eg ein stormtrooper

Oppsummering

  1. Underdrakt
  2. Lår
  3. Boots
  4. Leggar
  5. Mikrofon
  6. Balaklava – valfritt
  7. Halspakning
  8. Røystboks – valfritt
  9. Overkropp
  10. Ammobeltet – spør om hjelp
  11. Termisk detonator – spør om hjelp
  12. Skulder – spør om hjelp
  13. Erme
  14. Hjelmvifter – valfritt
  15. Hanskar
  16. Hjelm

… og rapporter deg til teneste!

Korleis kle av drakta

Dette er enklare og går mykje raskare. Dreg av hanskane og erma. Skru av hjelmen, slå av vifter og kople frå batteriet. Ta ut polstringa og tøm ut eller tørk opp sveitte. Knepp av skulderbjellene og ta dei av. Fjern detonatoren og beltet. Knepp opp knappane på overkroppen. Ta av halspakninga, balaklavaen og mikrofonen. Opne leggane, spark av bootsa og ta av låra. Drikk vatn. Tørk av innsida av alle delane og pakk dei ned. Ta av underdrakta og på med sivilkleda. Drikk meir vatn.

Bonusvideo

I 2015 laga eg ein klein video av den fyrste gongen eg tok drakta på meg. Merk at eg har gjort mange forbetringar sidan då, både på drakta og teknikken. Her er min fyrste gong:


(Videoen er på norsk)