Ordliste

Terminologi, akronym, forkortingar, ord og frasar om kostymehobbyen, 501st Legion og Star Wars.

0-9
501st Legion (klubb)
Verdsfemnande kostyme- og velgjerdsorganisasjon som kler seg ut som "dei slemme" i Star Wars. Klubben vart stifta i 1997.
501st Legion (fiksjonsregiment)
Ein elitelegion av klonetropp-/stormtropp-soldatar under kommandoen til Darth Vader. Regimentet oppstod fyrst under Klonekrigen. Også kjent som 501st Clone Battalion og seinare "Vader's Fist".

Namnet vart skriven inn i Star Wars: The Clone Wars som ein referanse og takk til kostymeklubben 501st Legion. (Sjå: 501st Legion (klubb))
A
Aurebesh
Det galaktiske standardalfabetet i Star Wars-universet.

Andre kjente alfabet: Outer Rim Basic (ofte brukt til å transkribere huttisk), Futhark/Futhork (mest sett på Naboo), Høg-galaktisk (ser akkurat ut som det ekte, latinske alfabetet vårt).

Desse alfabeta har stort sett dei same bokstavane som i engelsk, så du kan eigentleg kalle dei ein skrifttype heller enn eit alfabet. Men det finst enkelte bokstavar som ikkje finst i engelsk.

Høg-galaktisk er ein retcon. (Sjå: retcon)
B
BH-
Trooper-ID-prefiks for dusørjegarkostyme.
BHG
Sjå: Bounty Hunter Guild.
Bounty Hunter Guild
Ei underavdeling av Legionen som spesialiserer seg på dusørjegarkostyme. Også kjent som The BHG. (Sjå: Detachment)
Bucket
Bøtte, slang for hjelm.
C
CRL
Sjå Costume Reference Library.
Celebration
Sjå: Star Wars Celebration.
Centurion
Tredje og høgste nivå av kostymedetalj-nøyaktigheit, som definert i Stormtrooper-CRL-en. Valfritt, ikkje påkravd for medlemskap. (Sjå: Costume Reference Library)
Challenge coin
Liten metallmedaljong/samlemynt (vanlegvis rundt 3-4 cm i diameter) med eit symbol, logo eller tekst. (Sjå: Merch.)
Con
Sjå: Convention.
Convention
Messe - eit organisert arrangement der fans samlar seg for å feire ei felles interesse. Det blir skipa panelordskifte, sniktitt på nytt innhald, møte med kjente personar i miljøet, kostymekonkurransar, med meir.
Cosplay
Kostymehobby. Dei som har dette som hobby, lagar og/eller bruker kostyme for å representere eller spele ein spesifikk rollefigur eller type rollefigurar, ofte frå filmar, spel eller bøker innan sjangrane fantasi og science ficiton.
Costume Reference Library
Eit dokument som skildrar eit kostyme og alle delane i det, samt krava Legionen stiller. Medlemer blir akseptert basert på om dei oppfyller krava i desse dokumenta. Dei inneheld også merknader om valfrie gradar av kostymedetalj-nøyaktigheit. Også kjent som CRL.
D
DZ-
Trooper-ID-prefiks for ulike innbyggjar-kostyme.
Detachment
Ikkje-administrativ undereining av Legionen. Eit forum og fellesskap som etterforskar og spesialiserer seg i ein spesifik kostymetype, som delar kunnskap og erfaringar og som hjelpar nye rekruttar med prosjekta sine. Eit medlem kan vere knytt til mange ulike detachment.
E
E-11
Laserrifle brukt av stormtrooperar. Også kjent som “BlasTech E-11 Standard Imperial Sidearm”.

Dette var ein filmrekvisitt basert på det britiske maskingeværet Sterling MK IV.
EE-3
Laserrifle brukt av Boba Fett. Også kjent som “BlasTech EE-3 Carbine Rifle”.

Dette var ein filmrekvisitt basert på signalpistolen Webley & Scott No. 1 Mark 1.
EIB
Sjå: Ekspertinfanteri.
Ekspertinfanteri
Andre nivå av kostymedetalj-nøyaktigheit, som definert i Stormtrooper-CRL-en. Valfritt, ikkje påkravd for medlemskap. EIB står for "Expert Infantery Badge" (Sjå: Costume Reference Library)
F
FISD
Sjå: First Imperial Stormtrooper Detachment.
Fire-team
Lokal, ikkje-offisiell undereining av ein Detachment, for troopers av same kostymetype i same område. (Sjå: Detachment)
First Imperial Stormtrooper Detachment
Forkortast som FISD. Ei undereining av Legionen som spesialiserer seg på stormtrooper-kostyma. (Sjå: Detachment)
G
GML
Garrison Membership Liaison, medlemskoordinator. Din kontaktperson når du søker medlemsskap i ein garnison.

Frå Wikipedia: «The GML is responsible for reviewing and processing applications for membership and maintaining Garrison member information in the Legion database. »
Garnison
Lokal eining av 501st Legion med minst 25 medlem. Det meste av aktiviteten i Legionen skjer lokalt, organisert av garnisonen i området. Store garnisonar kan vere inndelt i squads.
Greeblie
Ting som blir brukt som dekor på eller i eit kostyme eller rekvisitt utan å ha ein funksjon. Ein greeblie kan vere kva som helst, som knappar, kablar, springfjør frå ei penn, delar frå byggesett og så vidare. Greebliane sin einaste funksjon er å få gjenstanden til å sjå meir interessant ut. Omgrepet blir sagt å stamme frå George Lucas.
I
Infamous
Andre nivå av kostymedetalj-nøyaktigheit, som definert i Boba Fett-CRL-en. Valfritt, ikkje påkravd for medlemskap. (Sjå: Costume Reference Library)
K
K-11
Laserpistol brukt av Boba Fett. Også kjent som "Sacros K-11 Disintegrator Pistol".

Dette var ein filmrekvisitt basert på spydfiskepistolen Technisub Pulce 40.
L
Legion
Sjå: 501st Legion. Det kan også tyde Rebel Legion, men på denne nettstaden er det mest det fyrste.
Logo, bokstav (501st Legion)
501st Legion har to logovariantar. Bokstavlogoen har orda "501st Legion" i ein skrifttype som heiter "Vader's Fist". Nulltalet og bokstaven O har omrisset av ein stormtrooper.

Over "st" i "501st", i ein sans-serif-type, står det "Vader's fist".

Det er to utgåver av bokstavlogoen, ei bannerutgåve og ein firkanta utgåve med ordet "Legion" i litt mindre storleik og plassert nedanfor "501st".



Logo, sirkel (501st Legion)
501st Legion har to logovariantar. Sirkellogoen har ein stormtrooper med ei E-11-rifle framfor det imperiske tannhjulsymbolet. I aurebesh over trooperen står det "Vader's fist", og nedanfor står det "501st Legion".

M
Makerspace
Ein verkstad, ofte drifta frivillig, kor folk kan samlast for å dele verktøy og kunnskap innan mange ulike handverk og hobbyar. Døme: kostymebygging, ølbrygging, elektronikk, programmering.
Merch
Merchandise – profileringsartiklar og minnegjenstandar, ofte i avgrensa opplag og berre for medlem. Dette kan vere alt frå t-skjorter og putetrekk til broderte jakkemerke og pins.
N
Nidaros Imperial Squad
Tidlegare lokal undergruppe av Legionen i Trondheim. Dei var også kjent som Nidaros Imperial, og var ein del av tidlegare Nordic Garrison. (Sjå: Squad)
Nordic Garrison
Tidlegare lokal avdeling av 501st Legion i Danmark, Sverige, Finland og Noreg.

Danmark stifta Danish Garrison i 2017.

I 2022 gjekk Sverige og Finland ut kvar for seg for å stifta Swedish Garrison og Finnish Garrison.

Nordic Garrison vart til Norwegian Garrison i 2022. (Sjå: Garnison)
Norwegian Garrison
Den lokale avdelinga av 501st Legion i Noreg. Tidlegare kjent som Nordic Garrison. (Sjå: Garnison)
O
Outpost
Utpost, ei lokal avdeling av Legionen i område med for få troopers til å skipe ein garnison. Ein utpost treng minst éin medlem. (Sjå: Garnison)
R
RPG
Rollespel (role-playing game)
Retcon
Faktaopplysningar eller plottpoeng i eit nyare verk som justerer etablerte faktaopplysningar frå eldre verk, ofte fordi det nyare verket ikkje lenger samsvarer heilt med det eldre. Også kjent som "retroaktiv kontinuitet".

Døme: I Jediridderen vender tilbake, når Obi-Wan fortel Luke at hans tidlegare påstand i Stjernekrigen – at Vader drepte Anakin – var sant "frå eit visst synspunkt".

Frå WikiPedia: “…a literary device in which established diegetic ‘facts’ in the plot of a fictional work are adjusted, ignored, or contradicted by a subsequently published work which breaks continuity with the former”.
S
SL-
Trooper-ID-prefiks for eit sith-kostyme.
SWC
Sjå: Star Wars Celebration.
Screen-accurate
Filmlikt - Rekvisitt eller kostymedel laga for å sjå så likt ut som mogleg som i ein film.
Screen-used
Filmbrukt - Rekvisitt eller kostymedel som faktisk har blitt brukt i ein film.
Squad
Lokal undereining av ein garnison. Ein squad har minst 10 medlem, og opererer i eit avgrensa område innanfor territoriet til garnisonen. (Sjå: Garnison)
Star Wars Celebration
Den offisielle Star Wars-messa.

Messa skjer ikkje kvart år. Ho har tidlegare blitt arrangert i Denver (USA), Indianapolis (USA), Los Angeles (USA), London (England), Chiba (Japan), Orlando (USA), Essen (Tyskland), Anaheim (USA) og Chicago (USA).
(Sjå: Convention)
Supporter
Ein hjelpar utan kostyme eller i eit ikkje-restriktivt kostyme. Hjelparen fungerer som auga og øyra under ein troop, og passar på at trooparane (og alle rundt) er trygge. Blir også kalla handler, wrangler, squire, crew.
T
TDH
Sjå: The Dented Helmet.
TI-
Trooper-ID-prefiks for eit TIE-pilotkostyme.
TK-
Trooper-ID-prefiks for eit stormtrooperkostyme.
The Dented Helmet
Eit nettfellesskap som spesialiserer seg i Boba Fett og andre dusørjegarkostyme. Også kjent som TDH. The Dented Helmet er ikkje tilknytt 501st Legion.
Troop
Eit offisielt arrangement, organisert gjennom ein garnison, utpost eller gjennom Legionen sentralt.
Troopar
Ein medlem av 501st Legion. Medlemen kan ha kva som helst 501st-kostyme, ikkje berre stormtrooper-kostymet.
Trooper-ID
Unikt medlemsnummer i 501st Legion.

Trooper-ID-prefiksen fortel kva for kostymetype den trooperen har. Eg har lista opp dei mest brukte prefiksar på denne nettstaden her, men det finst mange fleire.

Trooper-ID-en min er 32700, og prefiksane mine er TK og BH.
Trooping
Å delta på eit offisielt 501st Legion-arrangement i godkjent drakt.