Juridisk

Ansvarsfråskriving

Dette er ein personleg nettstad med sjølvlaga innhald om Star Wars, 501st Legion og kostymebygging.

Star Wars – medrekna figurar og kostyme – er åndsverket til Lucasfilm, og eg legg ikkje krav til eigarskap.

TK-32700 / BH-32700 er mitt unike medlemsnummer i 501st Legion.

Eg er ikkje sponsa eller støtta av 501st Legion, Lucasfilm eller deira samarbeidspartnarar. Innhaldet på denne nettstaden representerer ikkje synet til 501st Legion, Lucasfilm eller samarbeidspartnarane.


Retningsliner for informasjonskapslar og personvern

Denne nettstaden samlar inn anonymisert besøksstatistikk gjennom bruk av informasjonskapslar. Viss du bruker denne nettstaden, samtykker du denne bruken av informasjonskapslar.

Ønsker du å trekke tilbake samtykket ditt, slett informasjonskapslar laga av nettstaden.

Besøksstatistikken bruker ei tredjepartsteneste: Google Analytics.

Ingen data samla inn av nettstaden blir seld vidare til ein tredjepart. Ingen data samla inn av nettstaden blir brukt på andre måtar enn skildra på denne sida.

Kommentarfelt

Nye innlegg har opne kommentarfelt.

Når ein besøkande legg att ein kommentar, vil nettstaden lagre dei data som kommentarfelt-skjemaet viser, samt den anonymiserte IP-adressa og nettlesarnamnet til besøket for å hindre misbruk.

Viss du legg att ein kommentar, vil kommentaren og metadataen til kommentaren bli lagra til ubestemt tid.

Ønsker du å få sletta ein kommentar, ta kontakt.

Kommentarfelt-funksjonen bruker to tredjeparts-tenester: Akismet og Gravatar.

Kontaktskjema

Når ein besøkande sender inn ei melding med kontaktskjemaet, vil nettstaden lagre dei data som kontaktskjemaet viser, samt IP-adressa og nettlesarnamnet til besøket for å hindre misbruk. Innsendinga blir sendt per e-post til administratoren av denne nettstaden.

Tredjepartstenester

Tredjepartstenester brukt på denne nettstaden, og kva funksjonen til dei er:

TenesteFunksjonen på nettstaden
Google AnalyticsBesøksstatistikk
Font AwesomeFormgjeving
Google FontsFormgjeving
AkismetBossfilter for kommentarfeltet
GravatarProfilbilete i kommentarfeltet

Innebygd innhald

Nokre innlegg og sider på nettstaden kan innehalde innebygd innhald (f.eks. videoar, bilete osv), frå tredjeparts-nettstader som til dømes YouTube.

Slike nettstader kan samle inn data om deg, bruke informasjonskapslar og spore måten du bruker det innebygde innhaldet på.