Ressursar

Kor kjøpte du kostyma dine?

Dette er eit av dei vanlegaste spørsmåla folk spør meg. Svaret er: Eg har bygga dei sjølv. Dei er resultatet av mykje undersøkingar og førebuingar, tilverking og hardt arbeid.

Eg vil oppmode potensielle rekruttar om å registrere seg på dei ulike kostymeforuma våre. Her får du eksperthjelp frå erfarne kostymebyggarar.

Eg har samla ulike ressursar her på denne sida. Dette er på ingen måte ei omfattande liste, men eg håper at det kan gje deg ein start.

Referansar

Fyrst og framst: Sjå filmane! Dei er, openbert, den framste kjelda for korleis eit kostyme lyt sjå ut.

Vidare er det lurt å gjere seg kjent med Legionen. Nettsida 501st.com er ein fin stad å starte.

Når du surfar rundt der, legg særskilt merke til Costume Reference Library (kostymereferansebiblioteket, kjent som CRL). Utanom filmane er dette den viktigaste referansen. Når du søkjer om medlemsskap til Legionen, blir kostymet samanlikna med desse spesifikasjonane.

Forum og fellesskap

Det finst mange fellesskap der ute, både lokalt og på nett. Gjer deg kjent med dei. Kanskje har du erfarne kostymebyggjarar i nærleiken som kan hjelpe deg? Eller kanskje du kan arrangere kostymebyggekveldar saman med andre rekruttar? Eller bli medlem av ein lokal skaperverkstad?

Når du har bestemt deg for eit kostyme, er kostymeforuma staden å gå. Viss du til dømes skal byggje ein stormtrooper-drakt, du bør besøke First Imperial Stormtrooper Detachment (FISD), og viss du vil byggje dusørjegardrakter, er The Bounty Hunter Guild (BHG) staden å gå.

Det er mange andre "detachments" , kostymeforum, i Legionen. Her finn du hjelp til alt du måtte lure på om favorittkostymet ditt.

Fellesskap utanfor Legionen:

Det finst mange andre Star Wars-klubbar og fellesskap. Dei eg har nemnt her er blant dei vanlegaste.

Forsyningar og verktøy

Ikkje alle har tilgang til verktøy og forsyningar til å kunne byggje heile kostymet frå botn av. Heldigvis finst det mange erfarne byggjarar og skaparar i dei fellesskapa eg nemnte over. Spør litt rundt, og du finn skulptørar, metallarbeidarar, skreddarar og malarar – berre for å nemne nokre.

Det meste du treng av verktøy kan du få tak i lokalt. Leit i den lokale byggevarehandelen, hobbybutikken eller til og med i matbutikken. Lim, teip, saks, sandpapir, maling, nål og tråd, elastiske band og liknande er mykje billegare å kjøpe i butikk heime enn på nett. Eg fann det meste av mine verktøy og forsyningar i butikkar som Biltema, Jula og Clas Ohlson, og eg fann til og med eit par ting på Rema 1000 og Coop Extra.

Har du ein skaparverkstad nær deg, har du tilgang på både verktøy og erfaringar – bruk dei!

Det finst sjølvsagt offisielle kostyme i sal kommersielt. Men mesteparten av desse vil ikkje vere detaljerte og nøyaktige nok til å nå den høge standarden i klubben. Eit slikt kommersielt kostyme vil sannsynlegvis ikkje bli godkjent til medlemsskap i Legionen.

Det finst folk som sel "501st-godkjente" kostyme. Dette er falsk reklame. Det er ingenting som heiter "501st-godkjente" kostyme. Medlemskap blir vurdert sak for sak, og baserer seg på kor nøyaktig kostymet er (sjå CRL-dokumentet) og på kor godt det passar deg.

Hugs på dette når du handlar inn tinga du treng.

Ymse nettstader:

Stormtrooper-prosjektet mitt

Eg hadde ikkje denne nettstaden då eg laga stormtrooper-drakta mi, men eg dokumenterte prosessen fleire andre stader. Det kan hende at eg vil skrive eit innlegg her ein dag, men inntil vidare finn du dette her:

Boba Fett-prosjektet mitt