Spørsmål og svar

Kostyma

Eg har bygd dei sjølv. Delane har blitt laga av meg og andre kostymebyggarar frå heile verda.

Ta ein titt på Ressursar viss du er interessert i å bygge ditt ege kostyme.

Det varierer frå kostyme til kostyme. Det kjem heilt an på kva for verktøy og utstyr du har tilgang til, kva slags delar du treng, kven du kjøper tenester frå, kor i verda du bor, og så vidare.

Det er til dømes dyrare å byggje eit kostyme i Noreg enn i USA, fordi fleire av dei naudsynte delane må kjøpast frå utlandet. Det fører til at du må føye høge fraktkostnadar og importavgifter til i totalbudsjettet ditt.

Kostyma er svært detaljerte og så nært opp mot dei draktene dei brukte i filmane som du kan få det, så du må nesten rekne med å betale alt frå 5.000 til 100.000 kr (≈ 500 EUR – 10.000 EUR).

Ja!

Imperialistiske reguleringar forbyr å delta i slike stammeritual.

Også: Eg er kledd i hard plastikk frå topp til tå. Eg kan knapt nok stå og langt mindre gå normalt. Eg kan ikkje danse.

Det var ikkje eit spørsmål. Dessutan: Absolutt ikkje! Eg har lagt ned ein betydeleg pengesum i kostyma mine. Dei er ikkje leiketøy.

Fyrst: Takk for at du spør i staden for å berre gripe tak i rekvisittane mine.

Sjølv om replikaene våre ikkje fungerer og er laga av resin, gummi og plast, skal våpenreplikaer bli handsama forsiktig og alltid handtert som om dei er ekte. Eg lar berre folk halde replikaene mine under strengt oppsyn.

Viss eg lar deg halde replikaen, handter han som eit ekte våpen. Aldri sikt på nokon, legg aldri fingeren på triggeren og ver varsam. Og høyr alltid på vakthald og politi viss dei ber deg leggje ned rekvisitten.

Det er ganske dempa. Det er særskilt vanskeleg å høyre viss viftene inni hjelmen er skrudd på.

Ikkje veldig godt. Synsfeltet mitt er ganske snevert, særleg med den store "nasen" på stormtrooper-hjelmen.

Det er difor stormtrooperar alltid ser ut som om dei skannar rommet frå side til side, og tilsynelatande aldri ser deg i auga… Her er hemmelegheiten: Vi gjer dette fordi vi må vende på hovudet og sjå ut av augekroken for å klare å sjå rett fram!

Boba-hjelmen er litt betre. Eg klarar å sjå ting som er rett framfor meg. Eg har blindsoner også i denne hjelmen, men ikkje like store som med stormtrooper-hjelmen.

Star Wars

Videospel? Videospel. Der har du eit ord eg ikkje har høyrt på ei lang tid. Ei lang tid. Eg bruke å vere ein spelar, men så vart eg ein einsam munk på Tatooine fekk eg meg ein fulltidsjobb. Eg har ikkje spelt på år og dag. Men i gamle da'r digga eg Kyle Katarn-spela.

Ja, eg liker å lese historiar sett i Star Wars-universet, og prøver å halde meg ajour med romanane som blir rekna som kanon.

Mine favorittbøker for tida er den klassiske (før Disney) Thrawn -trilogien og From a Certain Point of View -novellesamlingane.

Eg liker også Padmé-trilogien til E.K. Johnson, og har nostalgisk godhug til Darth Maul: Shadow Hunter, den fyrste Star Wars-romanen eg nokon gong las.

Nei, eg er ikkje så interessert i teikneseriar. Men eg er klar over kanon-historiane som blir fortalde i dei.

Det var den originale trilogien som fekk meg til å digge Star Wars. Desse filmane er framleis favorittane. Men det er mykje eg liker med alle trilogiane.

Sjå filmane i kva enn rekkefølgje du vil. Det er ingen rekkefølgje som er meir rett enn andre.

Mi føretrekte rekkefølgje er kronologisk etter premiereår.

Ja! The Clone Wars og Rebels inneheld nokre av dei beste Star Wars-augeblikka som finst, og Disney Plus-seriane har vore underhaldande så langt.

Eg avbryter deg her. Det er ingenting som heiter "ekte fans". Å lese bøker eller byggje eit kostyme gjer deg ikkje til ein meir "ekte fan" enn andre.

Slike portvakt-haldningar er giftige – i alle fankulturar.

Barna som vart introdusert til Star Wars gjennom Disney Channel-serien Star Wars: Resistance i 2018 eller YouTube-kortfilmane Star Wars: Forces of Destiny i 2017 er like ekte Star Wars-fans som dei som stod i kinokø i 1977!

The 501st Legion, Norwegian Garrison

Du kan bli medlem viss du har eit godkjent kostyme og er minst 18 år. Sjekk Ressursar viss du er interessert i å bygge ditt ege kostyme.

Ja, gjerne!

Send ein førespurnad til klubben og forklar kva slags type arrangement dette er (bryllaup, bursdagsfeiring, veldedig pengeinnsamling, el.l), og ein av koordinatorane vil ta kontakt.

I Noreg: kontakt Norwegian Garrison. Er du ikkje i Noreg kan du gå til 501st.com

Eg tener ingenting på dette.

501st Legion er ein velgjerdsorganisasjon, så klubben oppmodar å donere til velgjerdsarbeidet vårt. Detaljane blir du einig om med koordinatorane våre.

501st Legion stør mange ulike veldedige føremål. Make-A-Wish, sjukehus, Barnekreftforeningen, Raude kross og mange andre.

Det meste av velgjerdsarbeidet vårt skjer lokalt. Kontakt ditt nærmaste lokallag, til dømes Norwegian Garrison i Noreg, for å høyre meir om kva vi gjer i ditt område.

Absolutt! Vi treng alltid mannskap til å hjelpe oss bak kulissane, vere auga og øyra våre, og passe på at vi – og folka rundt oss – er trygge. Å hjelpe til på eit arrangement er ein flott måte å bli kjent med klubben på!

Spør eit medlem du kjenner, eller meld interesse til eit lokallag nært deg, til dømes Norwegian Garrison i Noreg.

Nettstaden

Eg har laga ei ordliste for deg.

Nei, ingenting er til sals med mindre det går tydeleg fram av innlegget. Dette er berre mi private samling.