Info

Eg heiter Simon Hansen, og min trooper-ID er TK- / BH- 32700. Eg er medlem av 501st Legion, og er stasjonert i Mo i Rana, Noreg. Eg har to kostyme:

  • Stormtrooper (stuntversjon, frå Stjernekrigen).
    Godkjenningsdato: .
    Tildelt Ekspertinfanteri # 767 og Centurion # 358.
    Offisielle troopar: 27
  • Boba Fett (frå Imperiet slår tilbake).
    Godkjenningsdato: .
    Offisielle troopar: 7

Kva er 501st Legion?

Denne 501st Legion er ein verdsfemnande kostymeorganisasjon, stifta i 1997. Vi byggjer autentiske Star Wars -kostyme og gjer velgjerdsarbeid og fanarrangement.

Vi tar oppdrag på Star Wars -filmpremierar, konferansar, pengeinnsamlingar, sjukehusbesøk på barneavdelingar, frieri, bibliotek, og meir. Vi gjer dette fordi vi liker Star Wars og kostymebygging, og vil gjere ein innsats for andre gjennom velgjerd og frivillig arbeid. Les oppdragserklæringa vår for meir informasjon.

Vi har lokallag over heile verda. Desse laga heiter garnisonar, troppar eller utpostaralt etter kor stort område dei femnar om og kor mange trooparar som bur der. Eg er i Norwegian Garrison.

Kvar kostymekategori har sitt eige kostymeforum, ei gruppe i Legionen som spesialiserer seg på ein type kostyme. Stormtrooperar er i First Imperial Stormtrooper Detachment og Boba Fett-drakter er i The Bounty Hunters Guild

Ønsker du eit besøk?

Send inn ein førespurnad til Norwegian Garrison. Er du ikkje i Noreg kan du gå til 501st.com

Korleis skaffe eit kostyme?

Ta ein titt på Ressursar .

Ofte stilte spørsmål

Ei liste med vanlege spørsmål og svar.

Terminologi

Viss du ikkje er kjent med all terminologien på denne nettstaden, har eg laga ei ordliste for deg.

Følg meg

Eg finst også på ymse forum:

Juridisk

Les ansvarfråskriving og personvernserklæring