Fyrstehjelpsskrin for trooping

Når du er på ein troop bør du ha med deg eit fyrstehjelpsskrin. Innhaldet i skrinet bør vere alt du treng for å gjere kjappe naudfiksar for å berge deg gjennom arrangementet.

I skrinet mitt finst dette:

  • Lerretteip
  • Maskeringsteip eller gaffateip
  • Superlim
  • Strips
  • Saks
  • ABS-plast
  • Nål og tråd
  • Lite flatskrujarn
  • Nebbtang
  • Skumpolstring
  • Batteri
  • Skoskei
  • Sjokolade
  • Bandasje og plaster
  • Gnagsårplaster

Som regel treng eg nesten ingenting av dette, men det er greitt å vere på den trygge sida.

Ikkje på biletet: Sjokolade. Eg kunne plutseleg ikkje finne han av ein eller annan grunn 😉

Eg bruker å frakte skumpolstringa saman med drakta, sidan det òg fungerer beskyttande under transport. Resten har eg med meg i ein liten boks. Dette lar meg fikse alle slags småskadar – både på drakta og meg sjølv.

Tanga og skrujarnet er for å stramme skruar, mutrar eller boltar. Bandasjen og plaster er i tilfelle skadar frå kostymebitt – eller til og med kostymebrannsår, slik det skjedde med meg på ein troop. Saks, ABS-bitar, strips, nål og tråd, lim og teip er for å hindre drakta å gå i stykker viss ein knapp eller ei stroppe feilar. Eg bruker også teip til å feste mikrofonen til fjeset mitt.

Å, og sjokoladen er berre i tilfelle lågt blodsukker. Ein grinete trooper er ein dårleg trooper.

Eg tar òg med med ei flaske vatn, også viss arrangøren seier at det er drikkevatn på staden. Kostymet pustar ikkje, så kroppsvarmen har ingen stad å dra. Du vil bli heit, og du vil bli sveitt.
Pass på, hydrer, drikk vatn!