Oppgraderer Boba: Høgre stridshanske

For ei tid tilbake oppgraderte eg den høgre stridshansken for å betre møte CRL-standarden.

Eg filma alt, men diverre var opptaket av potetkvalitet. Videoen var skikkeleg kornete og mesteparten av lyden var ubrukeleg. Eg skulle til å slette videofilene, men bestemte meg for å trimme videoen litt og spele inn ei ny forteljarrøyst. Her er resultatet:

Undertekstar er tilgjengeleg på norsk og engelsk på YouTube.

I videoen gjer eg ein feil når eg installerer alcobrytarane. Eg har retta denne feilen i ettertid.

3D-prenten av tannfilene var svart, så eg måtte måle dei. For å finne den korrekte fargen, fann eg fram fleire fargevariantar av emaljefarge frå Humbrol, måla tuppen av svarte plaststrips, og let dei tørke. Når eg kom tilbake til dei ei veke seinare, samanlikna eg dei med referansefotoa og fann fargen som stemte best.

Ten paint cans of Humbrol's enamel paint in various blues, reds and silver colors. They are arranged in two rows. In between them sits a block of foam with a grid drawn on top. The numbers of the grid correspond to the paint cans. Standing in each square of the grid is a ziptie painted with the corresponding color number, i.e. the ziptie in grid number 19 is painted with Humbrol's enamel paint number 19, and so on. The numbers are 52, 19, 11, 14, 73, 174, 15, 56, 51 and 222.
Humbrol nummer 52, 19, 11, 14, 73, 174, 15, 56, 51 og 222.

Raud og sølv er brukt på stridshansken. Blå og brunraud er brukt på rakettmotoren.

Dette brukte eg:

  • Limpistol
  • E6000-lim
  • Superlim
  • Sandpapir, 80 og 120
  • Filer
  • Bor
  • Drillbit
  • Loddebolt
  • Loddetinn
  • Gafferteip
  • Måleteip
  • Isopropanol
  • Borrelås
  • Ein kvit LED
  • Batteripakke
  • Aluminiumsfolie
  • ABS-plast
  • Avbitartang
  • Magnetar
  • Micro Mega tannfiler, 3D-prenta kopiar
  • Strips
  • Skumgummi
  • Raud, blå og sølv emaljefarge frå Humbrol
  • Svart akrylmåling (berre bittelitt, for å fikse rundt dei nye tannfilene)
  • Eveready Minilight, 3D-prenta kopi
  • Fjernkontroll til den fjernstyrte servo-motoren i hjelmen
  • Korrekte alcobrytarar

Eg har brukt oppgraderingane i eit halvanna år no. Servomotoren er råstilig på papiret. Eg diggar ideen. Men det faktiske utstyret er meir trøbbel enn det er verdt. Kablane til brytaren knekk lett av og må ofte loddast på nytt. Hjelmen er glatt på innsida, så motorhaldaren ramlar ofte av. Og prøver eg å gjere ein kvikkfiks midt under eit arrangement, blir det aldri heilt perfekt justert. Og sjølv om alt anna er heilt kurrant, kan sjølve motoren finne på å berre streike.

På den seinaste troopen min fungerte servoen i kanskje to og eit halvt minutt. Med tanke på alt dette trøbbelet, og faktumet at utstyret tar mykje plass og at det legg mykje vekt på ei side av hjelmen, har eg bestemt meg for å fjerne det og berre behalde brytarane.

Og dessutan bruker jo mandoar i filmane og seriane alltid handa til å bringe avstandsmålaren ned. Viss dei kan leve med å gjere det manuelt, så kan eg òg det!