Bygge Boba: Hjelmelektronikk

Sjølv om Boba-en min har blitt godkjent, så er det framleis mykje som står att. Fyrst: Montering av elektronikken i hjelmen!

Dette er diverre ikkje ein heilt beinvegs prosess. Ingenting i denne hobbyen er det. Men eg har grua meg litt til akkurat denne delen, sidan det krev å fjerne materiale frå øyredelen. Skummelt!

I filmen ser vi to raude lys som blinkar i eit bestemt mønster og tre kvite lys som skrur seg på i avstandsmålaren når stanga er i vassrett posisjon. Du kan òg sjå at stanga kjem borti ein liten raud prikk når ho står i denne posisjonen. Denne prikken er toppen av ein Honeywell 11SX1-T mikrobrytar.

Du treng berre dei raude lysa for å få godkjent kostymet, og dei treng ikkje å fungere. Men viss du siktar på høgare nøysemd, må alle elementa vere til stades:

  • Hjelmen må ha to raude lys og tre kvite lys.
  • Lysa må slå seg på når stanga er i vassrett posisjon.
  • Stanga må vere borti ein Honywell-liknande brytar når ho står i vassrett posisjon.

Du treng ikkje å kople lysa til brytaren. Det finst måtar å gjere lysa sjølvstendig. Men det er jo ikkje noko gøy!

(Sjølv om tyngdekraft-aktiverte lys høyrast kult ut!)

Eg fekk tak i eit lyssett med ein mikrobrytar og ei ny, hul stang for å byte ut den stanga eg har no. Og sidan eg likevel skulle laga hol i hjelmen, så bestemte eg meg for å monterte den fjernstyrte servo-motoren.

Ikkje påkravd. Men kult!

For å montere servoen måtte eg utvide holet i stanga og hjelmen. Eg brukte ein metalldrillbit. Servoen måtte sitje tett fast, så eg hjelpte til med bittelitt lim.

Eg brukte E6000 for å montere motoren inni hjelmen, og så kledde eg den inn med kitt (Sugru/Kintsuglue).

For å gjere batteripakken lett tilgjengeleg, festa eg han med borrelås som eg limte fast med limpistol.

I videoen gløymte eg å vise korleis eg løyste problemet med at toppfliken ikkje var brei nok. Eg prøvde – men feila – å lage ein ny flik. Så eg tok ein liten spiker, bøygde han litt over 90 grader og limte han fast i skrueholet. Så no er fliken både limt på og hekta fast. Avstandsmålaren ramlar ikkje av med mindre eg verkeleg går inn for det!

Eg måla også alt kvit resin i øyrestykket, sølv. Ikkje nødvendig sidan det ikkje er synleg, men eg hadde lyst likevel.

Seinare har eg lyst til å montere eit par vifter inni hjelmen. Då håper eg at eg kan montere batteripakken til viftene på montsett side av avstandsmålaren for å skape balanse1. Men det får vente til ein annan gong.

Dette brukte eg:

  • Lyssett frå Jc27 på The Dented Helmet
  • Trådlaus servomotor frå Black Tusk Workshop
  • Sandpapir, ymse sortar
  • Filer
  • Rettslipar med forskjellige bits
  • Drillbor med forskjellige bits
  • Kvit ABS-plast
  • Superlim
  • E6000-lim
  • Limpistol
  • Kitt
  • Borrelås
  • Avbitartang
  • Batteri
  • Maskeringsteip
  • Støvmaske
  • Sølvmåling
  • Målarpensel med tynn spiss
  • Tråd
  • Binders

1) Eg testa om stroppar kunne hjelpe mot ubalansen, men det var for upraktisk. Eg brukte stroppar i stormtrooper-hjelmen, men har fjerna dei.