Hjelmpolstring

Den originale stormtrooperhjelmen hadde ei elastisk stropp under haka og gul polstring i kløverform på toppen av hovudet.

Stormtrooper-hjelmen min

Eg har gjenskapa dette i hjelmen min. Dette kjennast trygt ut når eg har det på. Hjelmen sit godt og følgjer rørsla til hovudet. Kløverforma gjer at polstringa er enkel å tilpasse slik at ho passar for dei fleste.

Inni hjelmen før endring

Men det er ulemper. Kvar gong eg har på hjelmen får eg vondt i halsen. Det er fordi strupehovudet blir klemt av stroppa. Ho er for stram. Eg kan løysne ho litt, men det løyser ikkje det andre problemet eg har med ho. Eg kan nemleg ikkje nå stroppa når eg er i drakta. Armane mine klarar ikkje å bøye seg ordentleg, og eg har tjukke gummihanskar på hendene. Dette gjer at det er frykteleg vanskeleg å ta av og på hjelmen. Eg har prøvd å fikse det med borrelås i staden for knappen, men det er likevel ganske knøvlete.

Hakestroppa skadar halsen min

Etter å ha troopa ei stund har eg nådd punktet kor eg opplever stroppa som for mykje mas og smerte. På seinaste trooptesta eg om polstringa fungerte aleine utan stroppa. Det gjorde det ikkje. Kløveren klarte ikkje å polstre nok til å halde hjelmen i ro. Når eg vandra rundt, vippa hjelmen opp og ned som på ei nikkedukke. Og den har overvekt på ei side på grunn av ein batteripakke, så den endte ofte opp på skrå, slik at eg såg ut som om eg var konstant forbausa.

Den gamle polstringa

Eg har funne eit sett med billeg hjelmpolstring. Det skal visstnok vere minneskum, men eg trur det er ein billeg imitasjon. Det kjennast for stivt ut til å vere ekte. Men dette er berre ein test – viss eg liker det, kan det hende at eg skaffar meg dei ekte greiene.

Den nye polstringa

Eg fjerna kløveren, brukte dobbelsidig teip til å teste og justere. Når eg var fornøgd , tok eg putene ut ein etter ein for å lime borrelåsen som følgde med putene. Eg tok også vekk stroppa under haka, og tok eit par rundar rundt i leilegheita for å teste.

Inni hjelmen etter endring

Det fungerer betre enn kløveren aleine, men ikkje like godt som kløver med stroppa. Eg har eliminert vippinga, og hjelmen følgjer hovudet, men overvekta på ei side er framleis eit problem. Eg trur dette vil fungere heilt fint på trooping der eg skal stå mest i ro, men for marsjering trur eg kanskje eg treng litt tjukkare polstring.

Men dette duger. Eg er fornøgd med resultatet.