Sandvika byfest

Dato: 2023-08-26
Stad: Sandvika
Type: Festival
Kostyme: Stormtrooper

Eg var på jobbreise sist veke. Reisa klaffa med ein festival i Sandvika rett utanfor Oslo på laurdag, så eg nytta høvet til å delta på dette arrangementet.

Det var utruleg hyggeleg å møte gamle og nye vener, og å endeleg troope med Oslo-trooparane. Eg har aldri troopa sør om Trondheim før, så dette var på høg tid.

Dette var ein utandørstroop. Vi hadde ein fotovegg ved eit kryss, og delte området vårt med ein bruktmarknad og ein motemolo. Vi samarbeidde med Make-A-Wish Noreg på dette arrangementet, og delte ut flygeblad og snakka litt om det dei driv med. Enkelte donerte pengar til saka.

Mange kom forbi og tok bilete. Etter ei stund drog ein gjeng av oss bortover til eit tivoli nedi gata, kor enkelte køyrte radiobilar – til glede og latter for dei andre som køyrte.

Vêrmeldinga viste kraftig regn, men vi var heldig. Det var for det meste opphald under arrangementet og det starta ikkje å regne før mot slutten.

Det var ei cosplay-tevling på motemoloen. Vi var ikkje deltakarar, men vi gjorde eit par oppvisningar og spelte nokre små scener. Ein jawa hadde funne vegen opp på scena, og prøvde å stele solbrillene til ein i publikum. Stormtrooparane som var vakthald likte ikkje det dei såg, så dei stoppa jawaen og jaga dei av scena. Etter at deltakarane hadde gjort si greie sneik jawaen seg opp på scena nok ein gong. Denne gongen kom ein dusørjegar og sette dei i handjern og jaga dei av scena. Og midt i premieutdelinga sneik jawaen seg opp ein tredje gong og prøvde å stele fyrstepremien.

Vi hadde ikkje hatt tid til å øve på scenene, så vi tok dei på sparket. Vi fekk litt latter og smil, men på grunn av at jawaen er så låg og det var så mange i publikum, trur eg at berre dei som stod framst såg kva vi gjorde.

Three stormtroopers are standing in front of a photo wall. Someone wearing a marching band uniform is walking up to them and giving them high-fives.
Skjermbilete frå Make-A-Wish Noreg på Instagram