Mo i Rana prideparade

Dato: 2023-09-09
Stad: Mo i Rana
Type: Parade
Kostyme: Stormtrooper

Mo i Rana Pridefestival vart arrangert sist veke, komplett med ein parade på laurdag. Dei inviterte alle klubbar og organisasjonar i byen til å bli med. 501st Legion er ein inkluderande kostymeklubb, så vi tenkte at det var ein fin måte å vise vår støtte og ta avstand frå mobbing og diskriminering.

The imperial cog symbol, but in the pride colors.
Klistremerka

Vi pynta draktene våre og hadde med oss regnbogeplagg. Vi fekk òg laga Star Wars-inspirerte prideklistremerke som hjelparen vår delte ut.

Festivalen hadde hatt dårleg vêr heile veka, men på laurdag var det solskin og varmt. Det var mange folk i paraden, og eg har aldri før sett så mange menneske i parken der paraden slutta.

På veg tilbake til garderoben (stor takk til Munin Kaffehus for å låne oss eit bakrom!) møtte vi på ein redningshund under opplæring. Unghunden vart veldig skeptisk til oss, så eigaren spurte om dei kunne få øve litt på passeringar med oss.

Jobben vår var lett. Vi skulle berre stå der. Jobben til hunden var litt meir utfordrande. Den måtte gå forbi to skumple imperiske soldatar utan å reagere på dei. Det tok nokre forsøk, men hunden fekk det til slutt til.

Så du kan godt seie at vi gjorde to oppdrag for prisen av eitt den dagen 😀

A screenshot from the newspaper. We see a huge parade with lots of people. In front of the photographer is a stormtrooper with a rainbow colored head band and a TIE pilot with a rainbow colored sash. Both carries rainbow flags.
Skjermbilete frå avisa Rana Blad.
Biletteksten seier: Mange hadde pynta seg til paraden, men to soldatar skilde seg særleg ut. "May the Pride be with you"