Slik lagar du ABS-lim (også kjent som trooperlim)

Stormtrooper-drakta mi har starta å sprekke. Eg har brukt ho sidan desember 2015, så det er ikkje så rart. Drakta er laga av 1,5 mm tjukk ABS-plast. Dette er eit fleksibelt materiale som toler litt juling, men straks ei sprekk vert danna bør du fikse det snøggast råd.

A close-up of a piece of stormtrooper armor. We see that a crack has started to form.
Ei av sprekkene

Det er mange måtar å fikse dette. Eg har tidlegare brukt t-skjorte- og superlim-trikset (klipp eit lite tøystykke, plasser det på innsida av drakta bak sprekka, dynk det i superlim, og, vips, heimelaga "glassfiber"-forsterking). Men denne gongen hadde eg lyst til å prøve å lage ABS-lim etter å ha snakka med TK 50501 på eit nyleg arrangement om det.

A close-up of a piece of stormtrooper armor. I am holding a small flashlight behind the armor. We see the shadow of a crack that has started to form.
Eit triks for å finne sprekker er å lyse langs kanten med ei lommelykt. Sprekkene lagar skugge.

Føremonnen med ABS-lim er at sprekka blir sveisa heilt fast i staden for å berre bli tildekka og forsterka på ei side. Limet smeltar inn i drakta og blir permanent ein del av ho, og dimed fjerne sprekka heilt.

Å lage ABS-lim er faktisk ganske lett. Du treng:

  • Eit glas med lokk
  • ABS-plast i same farge som drakta
  • Aceton
  • Plastsaks (eller anna verkty for å kutte opp plast)
  • Rørepinner av tre

Aceton er eit sterkt løysemiddel som smeltar ABS-plast. Ver varsam. Bruk passande verneutstyr, og berre gjer dette prosjektet på ein godt ventilert stad.

A grocery bag filled with white ABS plastic pieces in various shapes and sizes.
Eg tok vare på alle avklypp og spon frå då eg laga stormtrooper-drakta, så eg kan lage mykje ABS-lim.

Det fyrste du skal gjere er å kutte ABS-en i småbitar. Det er eigentleg ikkje så nøye korleis bitane ser ut, så lengje dei får plass i glaset.

A glass jar filled with small pieces of white ABS plastic. In front of the jar we see a pair of scissors for cutting plastic.
Bitar og spon av ABS i glaset.

Når du er fornøgd med mengda ABS kan du tømme litt aceton i glaset. Du treng ikkje mykje. Tøm i nok til å dekke botnen med kanskje 0,5 cm. Du kan alltids ha i meir seinare.

A glass jar filled with small pieces of white ABS plastic and acetone. The acetone is covering about 0,5 mm of the jar. The lid of the jar is on.
Ikkje bruk for mykje aceton.

Steng lokket, rist glaset litt og la det stå i ro i kring 30 minutt.

Sjekk korleis det går. Bruk ein rørepinne. ABS-en skal ha blitt mjuk til no. Viss bitane framleis er harde kan du helle i ein bitteliten skvett til med aceton.

Sjekk innom eit par-tre gonger til og rør rundt. Men ver tolmodig. Dette vil ta fleire timar.

Konsistenten vi ønsker er fast kremost. Viss limet blir for flytande kan du ha i litt meir ABS eller la det tørke ut litt utan lokk. Og er det for fast, ha i meir aceton.

Eg lét limet mitt godgjere seg over natta.

A glass jar filled with melted plastic. A wooden stir stick is sticking out of the jar. Behind the jar we see a cointainer of acetone.
Et ikkje den forbodne kremosten.

Gratulerer, du har no laga ditt fyrste parti med trooperlim. Så lengje lokket er på kan glaset stå i månadsvis. Det vil tørke ut til slutt, men då er det berre å hive i meir aceton.

Fiks i veg!

Eg smurte limet på innsida av drakta, bak alle sprekkene. Eg brukte ein rørepinne til å smøre det ut.

Hugs at limet inneheld aceton. Du ønsker at limet skal smelte inn i drakta, ikkje gjennom. Viss du smører for tjukt eit lag, så vil acetonet ha tid til å ete seg gjennom drakta før det fordampar.

A close-up of a piece of stormtrooper armor with ABS paste. The crack is no longer there. But the paste is a blob and weirdly shaped.
Ikkje tenk på at det skal sjå fint ut. Det fiksar du med sandpapir etterpå.

Eg la fleire lag med lim og lét det tørke mellom kvar påføring.

Eg fekk litt smelting på utsida av drakta på ein av stadene, sikkert fordi eg la for tjukt eit lag med lim. Men det går an å fikse med eit tynt lag med lim på utsida.

Når limet hadde fått tørka heilt (eg gav det ein dag), brukte eg sandpapir for å gjere alt glatt og jamnt. Innsida treng ikkje å sjå fin ut, berre vere glatt nok til å ikkje stikke deg, så her brukte eg berre 80- og 120-sandpapir.

Og på den eine staden på utsida arbeidde eg meg opp gjennom 120, 240, 600 og 1000, og fullførte med litt Novus plastpolering.