Folketoget 2017

Dato: 2017-05-17
Stad: Trondheim
Type: Parade

Eit fast innslag i folketoget i Trondheim er Nidaros Imperial Squad. I år med gjestar heilt frå Skien og Mo i Rana. Over 30 trooperar marsjerte nedover gatene i Trondheim saman med eit korps.

Og la meg berre seie det, det var heilt rått å masjere nedover hovudgata til tonene av Imperial March!

Video av bomb4dil på YouTube

Eg gjekk i flaggborgen. Kostymet mitt er ikkje veldig fleksibelt, så det var ganske tungt. Når vi kom tilbake til garderoben klarte eg nesten ikkje å løfte armane igjen. Og eg var heilt neddynka av sveitte. Aldri har ein dusj vore så godt! Eg oppdaga òg at låret på kostymet hadde gnege seg inn i huden og laga eit skikkeleg kjøtsår på baksida av beinet. Det var så vondt at eg ikkje var i stand til å leggje ut på den åtte timar lange køyreturen heim. Eg måtte ta ei ekstranatt på hotellet. Trondheim er ein av favorittbyane mine, så dette var i grunnen ikkje noko problem for meg.

Eit kostyme er aldri ferdig. Du må heile tida gjere vedlikehald, forbetringar og tilpassingar. Etter dette arrangementet har eg brukt litt tid på å gjere lårdelane mine betre.