Folketoget 2018

Dato: 2018-05-17
Stad: Trondheim
Type: Parade

Mitt andre år med Nidaros Imperial Squad i folketoget i Trondheim. Den 8 timar lange køyreturen – kvar veg – er absolutt verdt det! Ingenting slår å gå i paraden midt i Trondheim saman med andre trooperar og eit heilt korps som speler John Williams.

TV2 sendte eit kort intervju med oss rett før paraden starta.

Skjermbilete frå TV2

Klok av skade frå i fjor hadde eg gjort fleire tilpassingar før denne troopen. Lårdelane mine "bit" ikkje meir, så no er det slutt på kjøtsår! Berre vanlege blåflekkar overalt…

Eg har òg montert vifter inni hjelmen. Viftene kom med fire AA-batteri, men veslebror modifiserte dei til å bruke ein USB-straumbank i staden. Viftene gjorde susen – hovudet mitt vart kjølt ned og linsene fri for dogg.