Meetup med IT Helgeland

Dato: 2018-10-16
Stad: Koks bar, Mo i Rana.
Type: Presentasjon/føredrag

IT Helgeland inviterte medlem frå 501st i Mo i Rana til å gje ein presentasjon på ein Meetup. Det var ein artig kveld der vi lærte om kunstig intelligens, bevaring av innhald, gründerverksemd med meir. Og vi fekk pizza!

Eg gav ein kort og uformell presentasjon om kostymebygging og 501st Legion. Eg snakka om å opptre på kino og messer, og om velgjerdsarbeidet vi gjer. Eg snakka også litt om korleis eg vart medlem, og avslutta med korleis kostymebyggarar drar nytte av ny teknologi og betre tilgang til verktøy, materiale og kunnskap (skaparverkstader, 3D-prenting, Raspberry Pi, Arduino osb.).

Dette var fyrste gong eg har halde eit føredrag – nokon sinne – så det var ganske skummelt. Men eg tykte at det gjekk fint, og eg håpar at folk hadde det gøy.

Les programmet her: meetup.com/en-AU/ITHelgeland/events/254386380/