Fritidsmesse 2019

Dato: 2019-08-21
Stad: Polarsirkelen VGS, Mjølan.
Type: Messe.

Den lokale vidaregåande skulen skipa ei messe for å vise fram fritidsaktivitet i Rana, frå idrett og politikk til kostymebygging og film.

Nordic Garrison hadde ein stand på messa. Vi delte ut flygeblad, poserte for bilete og prata med mange folk om Star Wars, kostymebygging og klubben. Rundt 1000 personar deltok på messa.

Foto: Stein André Olsen

Eg var i drakt heile tida, med berre eit par pausar for å drikke vatn. Eg var ganske utkøyrt når eg var ferdig. Men det var ein gøy troop og eg håper at vi kan gjere dette igjen.