Korleis lage magnetposar

Kraftige neodymmagnetar er praktisk når du skal bygge drakta di. Dei er billege og når der vanlege limklemmer ikkje når. Men dei kan vere vanskeleg å arbeide med. Då er mangetposar gjæve å ha!

Di sterkare magnetar, di betre. Men dei blir også meir vrien å arbeide med. Eg har ikkje tal på kor mange gonger magnetane mine har smekka saman ved eit uhell. Drakta kan bli skrapa opp eller slå sprekker frå slike plutselege støyt, og du kan til og med miste ein finger eller to. Etter ein del nestenuhell og små sår har eg laga meg magnetposar. Slik laga eg dei.

Dette treng du:

  • To gamle t-skjorter eller anna tøy, helst i ulike fargar.
  • Saks
  • Strips eller hyssing
  • Neodymmagnetar (mine er runde skiver på 20 mm × 3 mm)

Ikkje på biletet: magnetane.

Slik gjer du det:

Klipp kleda i firkantar. Eg laga mine 10×10 cm. Det treng ikkje å vere heilt perfekt.

Legg magneten i midten av firkanten. Viss du vil ha ulik styrke, varier talet på magnetar i posane. Eg har nokre med ein, nokre med to og norke med tre magnetar.

Pass på at alle magnetane på same farge har same polarisering. F.eks. at alle magnetar på den grøne firkanten har nordpolen sin nedover, og alle magnetar på den lilla firkanten har nordpolen oppover.

Pass på at posen er stram

Brett kleda opp, som ein pose, og bruk strips eller hyssing til å knyte den att. Pass på at det er stramt, slik at magneten ikkje har rom til å snu seg.

Ulik farge = motpolar

Sånn, no har du eit kjekt handtak å halde magnetane med eller ta dei frå kvarandre, og tøyet gjer dei litt snillare mot plastikken. For enklare tilgang og oppbevaring har eg mine på ei pappstripe.

Enkel tilgang og oppbevaring