Verdien i kostymehobbyen

I dag er det den 1. mai – eller "501st Day" etter amerikansk kalender. I høve denne vilkårlege dagen vil eg dele ei historie om kvifor eg synest kostymehobbyen er verdt det.

Det er mange grunnar til at eg liker denne hobbyen. Hovudårsaka er sjølvsagt at eg liker Star Wars-filmane. Men eg held også på med dette fordi eg synest kostyme er gøy, fordi eg liker å byggje ting, fordi eg set pris på samhaldet og venskapa i klubben, fordi velgjerdsarbeidet vi gjer er viktig, fordi det er interessant å lære om korleis dei originale kostyma og rekvisittane vart til, og mykje meir. Eit viktig aspekt med hobbyen er å spreie glede, og det er det eg vil sjå på no.

Foto: Stein André Olsen

Over: Eg står vakt ved 501st-standen på ei messe i august 2019.
(Merk: ikkje den same messa som teksten handlar om.)

For eit par år sidan stod eg vakt (i kostyme) ved 501st-standen på ei kosymemesse når ei tenåringsjente kom bort til meg. Når eg troopar legg eg ikkje så godt merke til folk sidan eg nesten ikkje ser og høyrer dårleg i hjelmen. Men denne jenta gjorde inntrykk.

Jenta sa at ho ville takke meg. Eller meir presist, ho ville takke 501st Legion. Ho fortalde at ho hadde vore sjuk då ho var yngre. Veldig sjuk. Ho hadde vore innlagt på sjukehuset, og hadde ønska å berre gje opp og svinne hen.

Rundt denne tida hadde nokre trooparar frå 501st Legion kome på sjukehusbesøk på barneavdelinga der ho var innlagt.

Den dagen var den fyrste dagen ho hadde smilt på fleire veker, fortalde ho meg, og ho syntest at det var heilt utruleg å sjå dei andre barna der lyse opp – barn ho hadde tilbringa mange dagar saman med og berre sett sorg og smerte. Besøket hadde tydd utruleg mykje for dei alle.

Dette! Dette er grunnen til at eg held på med dette. Å vite at denne tullete kostymehobbyen faktisk tyder noko for nokon… Det gjer kvar einaste time med liming, maling, filing, sying, sveitting og banning verdt det. Det gjer kvar vassblemme og blåmerke verdifulle. Å vite at eit barn opplever glede fordi vi er der.

Eg vart rørt av å høyre på historia til jenta. Ho hadde funne håp, og no var ho blitt frisk. Eg er bra sikker på at ho ville blitt frisk uansett, men eg var likevel veldig glad på hennar vegner.

Attforteljinga mi er ikkje på langt nær like god som historia hennar. Ho snakka frå hjartet, eg skriv berre frå hugsen min etter å ha møtt ho på messa. (Eg vil påpeike at eg ikkje var med på sjukehusbesøket. Ho kom bort til meg på messa rett og slett berre fordi eg var medlem av 501st Legion, og ho ville takke oss.)

Foto av Torucon

Over: Eg og eit par trooperar frå Nidaros Imperial Squad som møter ein tannlaus skapning på ei messe.

Men historia er ikkje over enno! I fjor var eg på den same messa igjen. Ein cosplayer kom forbi standen vår. Eg kjente ho igjen med ein gong, det var den same jenta!

Ho kjente ikkje meg igjen med det same (eg var jo ikkje i drakt denne gongen), men ho hugsa samtala vår frå eit par år tilbake. Ho vart overraska og glad over at eg hugsa ho.

Eg spurte ho om kostymet sitt. Ho fortalde at ho hadde blitt inspirert til å byrje med kostymehobbyen delvis på grunn av 501st-besøket. Kostymet ho hadde laga var frå eit videospel eg ikkje kjenner så godt, men ho fortalde ivrig om korleis ho hadde gått fram for å gjere research og skape kvar einaste vesle detalj. Ho hadde vorte ein ekte kostymebyggjar, heilt oppsluka i sjølv den minste detaljen!

Før ho gjekk fortalde jenta at ho snart skal på sitt fyrste sjukehusbesøk i kostyme. Ikkje eit Star Wars-kostyme, men vi kan sjå mellom fingrane på det, ikkje sant? 🙂