Eg har tenkt på å fikse linsene i stormtrooper-hjelmen min ei stund no. Linsene er eigentleg ikkje linser, men berre eit tynt, grønt plastark som dekkjer begge auga og blir heldt på plass av øyreskruvane.
Dette er slik dei gjorde det under innspeling, men eg har aldri likt dette oppsettet. Det verkar veldig skjørt og kjem stadig i vegen. Det er dessutan nesten umogleg å reingjere. Det blir avfarging og riper av sjølv den mildaste såpa. Og utan reingjering byggjer det seg opp smuss og skitt. Utsynet mitt er difor alltid tåkete.

For eit par veker sidan skulle eg byggje eit hjelmstativ, og plastarket nekta å samarbeide. Eg bestemte meg at tida var kome for utskifting.
Heldigvis hadde eg allereie alt eg trengte. Eg har hatt ei 2 mm tjukk akrylplate liggjande på arbeidsrommet i årevis no. Eg trur eg fekk ho frå Trooperbay våren 2015.
Fyrst fjerna eg acetatarket. Med augehola frie kunne eg leggje papir på innsida og teikne av omrisset med ein blyant.

Etter å ha merka auget, teipa eg papiret til plastplata og skjærte ut forma.

Det var ei tabbe. Eg må jo ha litt overlapp slik at linsa dekkjer heile holet og gir limet noko å halde fast i.
Eg kasta ut arbeidet og starta på nytt. Denne gongen la eg til kring 0.5–1.0 cm. Og så kunne eg skjære det ut på nytt.
Eg brukte ei lexan-saks med bua blad. Til å fjerne røffe kantar brukte eg ein hobbykniv. Eg kunne sikkert brukt sandpapir til dette, men då risikerte eg å skrape opp linsa. Best å ikkje ta sånne sjansar!

Å lime linsene var lettare sagt enn gjort. Ideelt skulle eg ha demontert heile hjelmen slik at eg kunne brukt limklemmer. Men kuppelen er permanent festa til fjeset med blindnaglar og eg hadde ikkje lyst til å drille dei ut. Løysinga vart å leggje vekt på linsene under liming.
Så måtte eg bestemme kva for lim eg skulle bruke.
Superlim / CA-lim var uaktuelt. Det ville vore for porøst til å halde linsene på plass, og ville dessutan vore umogleg å reingjere overflødig lim på utsida. (Dessutan reagerer CA-lim på plast og ville gjort linsene tåkete.)
Limpistol er enklare å reingjere, men kunne smelte eller deformere plasten.
E6000 var eit alternativ. Det er sterkt nok, og enkelt å reingjere. Men det er òg ganske rennande dei fyrste timane, så eg var ikkje trygg på at det ville klare å lime linsene til sokkelen.
Så hugsa eg på at eg hadde litt kitt til overs frå Boba Fett-hjelmen. Dette var heilt perfekt. Kittet renner ikkje, er lett å reingjere, og er sterkt nok når det har størkna.
Her er ein tråd på FISD-forumet som forklarar korleis du kan bruke kitt til å lime linsene: HOW TO: Attach lenses using SUGRU, av justjoseph63. Eg brukte ei merkevare kalt Kintsuglue i staden for Sugru, men bortsett frå det gjorde eg det meir eller mindre likt som i foruminnlegget.
Eg limte fyrst ei linse og let ho tørke i 24 timar før eg gjekk vidare. Eg måtte bruke handvekter for å halde linsa på plass under tørking. Eg plasserte hjelmen med auget rett ned, og balanserte vekta oppå linsa med skumgummi-rester til å halde vekta oppe.
Eg måtte faktisk bruke fire dagar på dette. Eg brukte fyrst ei handvekt på 1 kg. Men dette var ikkje nok til å dytte linsa ordentleg ned, så kittet hadde ikkje nok å ta tak i.
Eg reingjorde alt og prøvde igjen, denne gongen med ei handvekt på 3 kg. Det gjorde nytta, men eg såg at linsa hadde fått teikn til sprekkdanning. Heldigvis ingenting som var synleg frå utsida og ikkje veldig merkbart frå innsida.
Eg hadde ikkje nok materiale til å lage fleire linser, så eg ville vere forsiktig med den siste. Eg brukte difor ei handvekt på 2 kg på denne. Det var akkurat nok vekt.
Etter at begge var trygt på plass, la eg på litt ekstra kitt rundt kantene. Mest for utsjånaden sin del, men òg slik at ingenting skal hekte seg fast i linsene og rive dei ut ved eit uhell. Eg let dette tørke i endå eit døgn.

Dei nye linsene ser flotte ut. Eg ser framleis ikke så mykje sidan menneskeauga ikkje har 20 cm mellomrom. Men det vesle eg ser er ikkje lenger tåkete.
Eg har ikkje fått testa dette oppsettet på ein troop enno. Eg veit ikkje kor mykje dei vil dogge ned no som det er mindre luftgjennomstrøyming gjennom augeholet. Men sidan dette er akryl, ikkje acetat, kan eg alltids bruke såpe til å unngå dogg. Kanskje til og med anti-dogg-stoffet eg bruker på mine vanlege briller?
(Memo til meg sjølv: Test brillerensen på akrylrester for å sjekke om det toler dette.)
Hjelmen er klar til bruk igjen!
Dette brukte eg:
- Mørkegrøn akrylplate
- Eit ark
- Blyant
- Plastsaks med kurva blad (lexan)
- Hobbykniv
- Måleteip
- Eingangshansker
- Tungespatel/ispinne
- Kitt (Sugru/Kintsuglue)
- Handvekter
- Skumgummi