Slik lagar du eit hjelmstativ

Det finst mange seljarar som tilbyr spesiallaga hjelmstativ til dei ulike hjelmtypane. Men eg bur i Noreg og mesteparten av seljarane er i utlandet.

Import til Noreg er dyrt. Vi betalar for gjenstanden + frakt + 10,7 % tollavgift av totalprisen (gjenstand + frakt) + 25 % meirverdiavgift av totalen + eit fortollingsgebyr.

Så viss til dømes skal skaffe eit hjelmstativ til 400 kr og frakt 180 kr (berre døme, ikkje ekte prisar). Tollavgifta blir då 62 kr og MVA 145 kr. Og som om det ikkje er nok, tar Posten 149 kroner i gebyr. Plutseleg kostar hjelmstativet heile 936 kroner, noko som er alt for dyrt for ein slik gjenstand.

Nei takk, eg vil ha noko litt rimelegare! Difor skal eg lage min eigen.

Det er ikkje mykje som skal til for å lage eit hjelmstativ: Ei flat base, ei stang og noko slags polstring i topp. Veit du kva som har ei flat base og ei stang? Tørkepapirhaldarar! Du får tak i dei overalt, dei har rett høgde for dei fleste hjelmane, og, best av alt, dei er billege. Eg har sett dei frå 30 til 100 kroner.

Du treng ein base med litt vekt i botn. Eg tilrår ein 100-kroner-variant av metall. I tillegg til å stå støtt, ser det også ganske stilig ut.

Ein 30-kroners-variant er truleg laga av tre eller plast. Dette blir litt for lett, men du kan lime eit stykke gummi under basen for å gjere han tyngre og mindre glatt under.

Eg har skaffa meg eit par tørkerullhaldarar i metall frå ein jernvarehandel. Dei har ein rar metallpinne, men dei sit laust og er lett å hekte av.

Men eg kan ikkje berre tre hjelmen rett på stanga. Det ville vere veldig ustabilt, og hjelmen ville vore i konstant fare for å ramle av. Eg treng litt polstring.

Som postring kan du bruke kva enn du vil – til og med ein rull med tørkepapir! (Tørkepapir? På ein tørkepapirhaldar?! Sprø tanke, eg veit, men tru meg, det fungerer!) Men vi vil ha litt mindre kjøkkenaktig og litt meir kostymeaktig. Noko som er på storleik med eit hovud.

Hobbybutikkar sel ofte isoporballar i den storleiken. Det vil fungere heilt perfekt. Lag eit hol i ballen og set han på stanga.

Eg kunne diverre ikkje finne slike isoporballar her i byen, så eg bestemte meg for å lage noko sjølv. Det treng ikkje vere eit komplett hovud, berre noko som passar inni hjelmen i X-, Y- og Z-aksene der hovudet er tjukkast. Eg gjekk difor for skumgummi, som eg har mykje til over av frå eit anna prosjekt.

Fyrst målte eg hovudet mitt med eit måleband. Men dette gir meg berre omkrinsen, ikkje forma. Då kom eg på at eg har både form og omkrins allereie i form av Indiana Jones-fedorahatten min. Eg la berre eit papir i opninga og teikna med ein blyant. Så klipte eg ut denne forma og kunne bruke dette som ein mal på skumgummien.

Eg brukte ein brødkniv til å skjere ut skumgummien. Det var ikkje så nøye at kantane ikkje vart så fine eller at forma vart perfekt. Dette er polstring som ikkje vil bli synleg uansett.

Etter å ha laga ein slags oval, laga eg eit hol i midten med ei saks. Eg limte til slutt eit lite stykke skumgummi på toppen med limpistol.

Eit kjapt lite prosjekt. Det tok meg lenger tid å skrive dette innlegget enn å lage sjølve hjelmstativet. Det er langt frå eit perfekt stativ, men gjer jobben sin.

Stormtrooper-hjelmen min har vifter og batteri og kven-veit-kva på innsida, så det er litt trongt. Men det går an å trimme polstringa.

Fett-hjelmen passar derimot heilt perfekt.

Dette brukte eg:

  • Tørkerullhaldar
  • Skumgummi
  • Eit ark
  • Blyant
  • Brødkniv
  • Saks
  • Limpistol