Torucon 2019

Dates: 2019-08-10 og 2019-08-11
Stad: Clarion Hotel & Congress Trondheim.
Type: Messe.

Torucon er ei fantasi-/science fiction-/anime-/kostymemesse som blir skipa årleg i Trondheim. Dette var min andre tur dit. Eg køyrte nedover på fredag og tilbake igjen sundag.

Foto av Torucon

Eg var i kostyme tre gonger på sundag og ein gong på sundag. Hjelmviftene mine streika støtt, så det vart ganske heitt etterkvart. Men eg beit tennene saman og stod i det, drog ut på droidejakt og poserte på mange bilete.

Når eg ikkje var i drakt, sat eg i Nordic Garrison-standen. Der svara eg på spørsmål, delte ut droidekort til droidejakta og såg på alle dei utrulege og oppfinnsame kostyme på messa.