Torucon 2017

Dates: 2017-08-12 og 2017-08-13
Stad: Clarion Hotel & Congress Trondheim.
Type: Messe.

Torucon er ei fantasi-/science fiction-/anime-/kostymemesse i Trondheim. Arrangementet gjekk ove rto dagar, og eg troopa begge dagane.

Vi hadde ein stand med ymse rekvisittar utstilt, flygeblad og ein sjølvi-vegg med Millennium Falcon.Vi gjorde ein parade gjennom lokalet begge dagane, og spelte droidejakt med gjestane. Det fungerte slik: Folk henta eit nøkkelband med bilete av to kjente droidar på. Etter ei stund gjekk trooparane ut i lokalet på jakt etter dei. Overalt på messa kunne du sjå ein av oss ute på jakt. Stans! Kor lengje har du hatt desse droidene?

Dette var ein utmattande troop. Mykje vandring og snakking, og folk og hindringar overalt. Likevel, dette var gøy!