Rana No i billettkøen

Dato: 2019-10-24
Stad: Rana No, lokalavis
Type: Intervju i avis

Eg har vore fyrst i kø for å skaffe billettar til Star Wars fem gonger. Den 24. oktober gjorde eg det ein sjette gong, og lokalavisa Rana No skreiv ei sak om det.

Screenshot from RanaNo.no
Skjermbilete frå RanaNo.no

Her er artikkelen (for abonnentar): https://ranano.no/i-ko-for-star-wars-for-siste-gang/25.10-06:01

Dette er truleg siste gong kinoen gjer ein fysisk før-sal for Star Wars. Billettane for neste film (i 2022?) vil truleg kome på nett fyrst. Så det var ein fin men vemodig dag

Eg har erfart mykje i køkarriera mi. Star Wars-quizar, arbeidardag-parade, venlege sjeler med teppe og suppe, møte med ulike dyr… Eit av mine finaste minne frå ein Star Wars-billettkø var to-mannsframføringa av heile Phantom of the Opera klokka 3 om morgonen eit år. Gøy!

Men eg blir eldre, og det blir vanskelegare å koordinere køsitjing med kvardagen. Eg trur ikkje at eg kjem til å gjere ein til kø. Dessutan er dette den siste filmen i Skywalker-soga , så det er heilt passande viss dette blir min siste billettkø.

Eg kjem til å sakne spenninga, kameratskapet og klovneriet, men eg kjem ikkje til å sakne dei iskalde fingra, den ømme ryggen eller mangelen på søvn.

Uansett… EG HAR BILLETT TIL STAR WARS: EPISODE IX: THE RISE OF SKYWALKER 😀 😀 😀