Rana Blad: Nytt kostyme

Dato: 2019-12-18
Stad: Rana Blad, lokalavis
Type: Intervju i avis

Denne veka kjem ein ny Star Wars-film ut, og lokalavisa Rana Blad ville intervjue fans. Når dei spurte meg fortalde eg at eg var usikker på om eg hadde tid, for eg var midt i byggeprosjektet på eit nytt kostyme. Dei tykte at det høyrdest interessant ut og ville ta ein titt.

Resultatet vart ein to sider lang artikkel om kvifor eg liker Star Wars, tankar om den komande filmen, og, sjølvsagt, om Boba Fett-drakta. Hestehår, kalkulatordelar og bruktbutikkjakt vart nemnt.

Skjermbilete frå RanaBlad.no

Artikkelen vart også publisert på nett (for abonnentar): https://www.ranablad.no/star-wars/rana-kino/kultur/simon-er-snart-ferdig-med-sitt-andre-star-wars-kostyme-og-gleder-seg-stort-til-ny-film-jeg-har-ikke-tall-a-hvor-mange-timer-jeg-har-brukt-pa-kostymet/s/5-42-614128