Adventskalenderen til Nordic Garrison 2020

Dato: 2020-12
Stad: På nett
Type: Avdentskalender
Kostyma: Stormtrooper and Boba Fett

Nordic Garrison ville spreie litt glede mot slutten av eit underleg år. Vi laga ein adventskalender der trooperane våre gjorte julete ting i førjulsdagane.

Kvar dag publiserte sosiale medium-kontoane til Nordic Garrison eit juletablå. Ein jawa som dekorerte utanfor huset sitt. Ein imperisk offiser som bakar. Ein sithlord som skreiv ønskeliste. Og mange andre.

Eg var bak luka den 2. desember og igjen den 7. desember.

Og i den heilt spesielle videoen den 24. desember! 🎁🎄🎅 ❄️

Det var artig å troope igjen, sjølv om det berre var på nett. Eg hadde det gøy med å gjere klar rekvisittar og gjekk i stormtrooper-drakta mi igjen. Eg tok til og med nokre foto som Boba, noko som gjer dette til min fyrste offisielle Boba-troop! Hurra!

Eg laga julehjartekorgar, kjeks og bakverk, ei mange meter lang julekjede, og pakka inn mange julegåver. Eg pakka til og med inn ein lyssabel. Eg veit, eg veit, det gir ikkje meining at klinga er pakka inn, men eg satsa på at det skulle vere mogleg å kjenne att, ikkje at det skulle vere nøyaktig.

Kanskje gåvepapiret er laga av beskar eller noko slikt…

Vi var nokre timar på det tomme kontoret og tok mange bilete. Her er alle eg sendte inn:

A stormtrooper wearing a festive sweater, sitting in an office drinking from a coffee mug.
Julegenserdag på kontoret
A stormtrooper sits at a table, making christmas decorations out of glossy paper. He holds a piece of paper in one hand and scissors in the other, looking very concentrated.
Lagar juledekorasjonar
A stormtrooper sits at a table making christmas decoration out of glossy paper. He is threading a paper onto a long paper chain.
Lagar julelenke
A stormtrooper sits at a table, making christmas decorations out of glossy paper. He holds up a weaved christmas heart with one hand and gives a thumbs up with the other.
Lagar julehjartekorg
Boba Fett is in a kitchen. He has oven mittens on, and has pulled a baking tray out of the oven. The tray is filled with golden brown pastries shaped like spirals.
Bakar rengakaka, ein tradisjonsbakst frå Mo i Rana
A stormtrooper sits at a table, wrapping christmas gifts. A few gifts has already been wrapped. He is now wrapping imperial slippers, but struggles with the tape and the gift ribbon.
Pakkar inn julegåver
Boba Fett relaxes on the couch. He has a festive sweater on, and drinks hot chocolate out of a mug.
Slappar av med varm sjokolade
Boba Fett holds up a plate of gingerbread cookies.
Lyst på pepparkaker?