Slik fiksar du ein gulna stormtrooper-drakt

Kvit plast vil gulne over tid. Det er ikkje til å unngå. Men du kan bremse denne prosessen eller til og med reversere han mellombels!

Viss du ikkje vil at plasten skal gulne, må du unngå varme og UV-lys. Så kanskje hylla over radiatoren i det solvendte rommet ikkje er den beste staden å oppbevare den fine, blanke, kvite hjelmen din?

Men gulning vil skje, garantert. Du bruker jo drakta til trooping og vil bli eksponert for UV-stråling, også i overskya vêr. Det er berre å akseptere dette.

Men slapp heilt av, for det går an å fikse!

Hjelmen min har gulna mykje
Foto: Stein André Olsen, på Fritidsmesse 2019

Den mest openberre tiltaket er å male drakta kvit. Det var det dei gjorde med hjelmane i filmane. (Filmhjelmane var faktisk eigentleg mosegrøn!) Men det er lett å gjere tabbar under maling. Synlege penselstrøk og maling som flakar av? Nei takk.

Då er det betre å bruke hydrogenperoksid. Dette er eit kjemisk stoff som ofte blir brukt til bleiking. Viss du nokon gong har bleika håret ditt, så var hårbleikingstoffet truleg hydrogenperoksid.

Drakta mi har ikkje gulna så mykje enno, men hjelmen min ser heilt forferdeleg ut. Han har ein stor gul flekk på venstresida av toppen og fjesplata ser ut som om ho er solbrent. Så eg bestemte meg for å prøve å fikse dette.

Nærbilete av høgre auge. Her ser du tydelege spor av gul "solbrenning".
Nærbilete av høgre auge etter behandling. Nesten fritt for gult!

Hydrogenperoksid er ei blank, vass-liknande væske. Du må anten senke delane ned i væska eller få ho til å sitje fast på delane på eit eller anna vis.

Åtvaring: Hydrogenperoksid kan føre til alvorlege kjemiske brannskadar. Ikkje få det på huden, i auga eller i lungane. BRUK VERNEUTSTYR!

Eg har ikkje vore borti nokon som har dynka heile delane nedi før, men ein Youtube-kanal som heiter Odd Experiments har delt ein framgangsmåte: https://www.youtube.com/watch?v=JX-RJM8MZpU

Med drakta er den mest vanlege måten å blande hydrogenperoksid med noko klissete. Ei populær oppskrift vart spreidd på ulike nettforum i dei tidlege dagane av Internett. Oppskrifta vart kalla Retr0bright (eller Retrobright), og oppskrifta finst no på retr0bright.com.

Enkelte stader kan det vere vanskeleg å få tak i alle ingrediensane. Hydrogenperoksid, til dømes, kan vere forbode å selje til privatpersonar der du bur. Høyr med apoteket ditt.

Det finst også ferdig-miksa variantar på marknaden, som til dømes ArmorWhite frå Trooperbay.com. Dette brukte eg på hjelmen min.

Prosessen er ganske enkel. Smør delen med hydrogenperoksid-løysinga di, og la delen liggje i UV-lys (til dømes ute i sola) i 12 timar. Vask vekk og gjenta viss det trengst.

Eg smurde heile hjelmen i greia med ein pensel, ikkje berre dei områda som hadde gulna. Eg skulle kanskje ha tatt vekk gummibandet og beskytte linsene, men heldigvis fekk eg ingenting på dei.

Så plasserte eg hjelmen utandørs. Etter ein time eller to vrei eg litt på han, slik at sola trefte dei sidene som hadde gulna mest.

Eg er godt nøgd med resultatet. Den stygge gule flekken er vekk. Fjeset er nesten ikkje solbrent lenger. Eg ser framleis litt gulning her og der, men det er nesten ikkje merkbart.

Viss det trengst kan eg ta ein ny runde. Men det må vente – eg bur nordpå, så vi får ikkje 12 fulle timar med sol på minst seks månader no.