Bygge Boba: Smusse til skoa

Boba Fett har ikkje nye, reine sko. Han har vandra rundt i heile galaksen i alt mogleg slags terreng. Difor trengte skoa mine å bli litt tilsmussa.

Her er ein video av prossessen (med engelske undertekstar).

Dette brukte eg:

  • Sandpapir, 120
  • Lakksprøyte
  • Pensel, flat, storleik 10
  • Akrylmåling:
    • Svart
    • Titanium-kvit
    • Djup grå
    • Gul oker
    • Brent umbra
  • Maskeringsteip
  • Spiker i stål, fire 3×30 mm

Eg er veldig fornøgd med sluttresultatet. Særleg skosolane. Men eg må innrømme at det fyrste målestrøket såg ganske dårleg ut. Heldigvis fekk eg til å blande det ut med eit nytt strøk, og klarte å gøyme brottsverka mine.

Eg vil tilrå våt-på-våt-teknikken. Fukt skoa før du målar dei.

Til slutt festa eg metallspissane. Det er ingen konsensus på kva dei brukte for å feste metallplata i filmen. Eg har sett folk bruke flatskruar, stjerneskruar, spiker og naglar, til og med på kostymereferansar frå Lucasfilm sjølv.

Eg landa til slutt på å bruke spiker. Eg kan alltids endre til skruar seinare viss eg må.

Eg måla til slutt metallet svart og brunt, venta eit lite minutt, og tørka målinga vekk igjen. Dette fungerte perfekt.