Bygge Boba: Sko

Eg fekk noko i posten i dag. Kva kan det vere?

Skriven 22. juni 2018.

«Delivery for… “I. C. Weiner”?»
«We need to go deeper.»
«What’s in the box?»
«Anybody seen my boots? Somebody took my boots. I bought ’em special.»

Jøss, det var raskt! Eg tinga skoa den 3. juni og rekna med at leveringa kom til å ta minst to månader. Men tydelegvis er midten av juni den nye midten av august.

Eg tinga skoa frå Imperial Boots, ein nettbutikk som lagar sko og andre kostymedelar i puljer. Det tyder at du kan berre tinge på visse tider.

Dei nye skoa, i perfekt stand.
Skoa kom med stilige metallspissar.

Eg har prøvd dei og dei sit godt. Men eg skal leggje inn nye sålar for betre komfort. Skoa ser fine ut no, men kjem til å sjå fantastiske ut med metallspissane.

Og etter litt tilsmussing, sjølvsagt. Eg kan ikkje la dei sjå splitter nye ut!