Handvåpenet til Boba Fett er ein Sacros K-11 Disintegrator Pistol. Den verkelege gjenstanden var ein lett tilpassa Technisub Pulce 40 spydfiskepistol.
Våpen er ikkje påkravd for basisgodkjenning, men viss du har høgste nivå av kostymedetalj-nøyaktigheit – som definert i CRL-dokumentet – som mål, er våpen vanlegvis eit krav*. Eg håper at eg kan søke om godkjenning på Infamous-nivået med Fett-drakta mi ein dag, men fyrst må eg byggje handvåpenet.
*) Merk at det kan vere forbod mot våpen i enkelte regionar, så høyr med den lokale garnisonen eller utposten din. Det er òg ei generell fråråding om bruk av våpen på visse typar arrangement. Dette er opp til arrangøren eller koordinatoren.
Eg har leita etter den ekte delen ei stund, men ulempa med årgangsgjenstandar er at dei klatrar raskt i pris, særleg viss du bur i Noreg og må importere dei. Eg har enno ikkje funne ein Pulce 40 som eg har råd til, så eg bestemte meg for å gå for ein replika.
Heldigvis finst det mange replika-alternativ. Ein av desse er laga av Fettology på The Dented Helmet. Settet hans er enkelt å setje saman, og er nesten klart til bruk rett ut av eska. Nesten.
Settet til Fettology kjem med åtte delar i resin, fire metallstifter og eit lita fjør. Resindelane kjem i dei rette fargane. Dei ser fantastiske ut og det er lett å skjøne korleis ein skal setje dei saman.
Men som du kunne sjå i videoen, hadde eg litt trøbbel med avtrekkjaren. Holet for stiften var ikkje heilt beint, så avtrekkjaren såg skeiv ut. Og når eg prøvde å rette det, knakk han. Eg hadde eit lite augeblikk i rein panikk, heilt til eg kom på at vi jo bruker å seie at det er meir superlim enn resin i replikaene våre.
Så eg reparerte avtrekkjaren. Og så drilla eg ut holet litt slik at han skulle bli rett. Og til slutt limte eg fast delane, sjølv om det strengt tatt ikkje er nødvendig med dette settet.
Då kunne eg endeleg starte tilsmussinga. Eg tørrbørsta med sølvmåling før eg gav heile pistolen ein svart akrylvask. Eg liker resultatet, men det kan hende at eg går over med meir sølv seinare.
Avtrekkjaren fungerer, men eg er usikker på om superlimet er sterkt nok. Han kan knekkje igjen viss eg er for hardhendt. Men handvåpenet er nesten ikkje sett i filmen, og er stort sett alltid i håpenhylsa. Og eg kjem ikkje til å løpe rundt og lekeskyte** med pistolen. Den er der mest for heilskapsinntrykket.
**) Sjølv om dette er ikkje-verksame replikaer laga av resin, gummi eller plast, så skal du alltid handsame eit replikavåpen som om det er ekte. Aldri sikt replikavåpenet mot andre, følg våpenrestriksjonar på arrangementet eller staden, og lytt alltid til vakthald eller politi viss dei ber deg leggje replikavåpenet ned.
Det er framleis mykje arbeid att før kostymet mitt er i nærleiken av Infamous-nivå, men eg trur handvåpenet er klart.