Velkomen til TK32700.com

TK-32700 Ver helsa, godtfolk i Imperiet!

Trooper-ID-nummeret mitt er TK-32700. Eg er medlem av 501st Legion, og er stasjonert i Mo i Rana, Noreg.

Eg har vurdert å lage meg ei nettside ei stund no, og kan endeleg ønskje dykk velkomen hit.

Ideen med nettstaden er å gje dykk eit innblikk i hobbyen min. Eg vil leggje ut bilete, info om tilskipingar, oppdateringar og meir. Kanskje òg nokre artiklar om framgangsmåtar, men eg har ikkje planlagt å skrive djuptgåande artiklar.Det finst mange betre nettstader der ute for dét, og du kan finne nokre av dei på ressurssida. Eg har òg laga ei ordliste, for dei som ikkje er kjent med all terminologien på nettstaden.

Du kan få tilsendt e-post med oppdateringar frå meg frå sidemenyen. Bruker du RSS, kan du abonnere på RSS-straumen for å få varslar. Eg vil òg leggje ut oppdateringar på Twitter.

Viss du har innspel til innhald, tips meg gjerne!