Sjølv om Boba-en min har blitt godkjent, så er det framleis mykje som står att. Fyrst: Montering av elektronikken i hjelmen!
Dette er diverre ikkje ein heilt beinvegs prosess. Ingenting i denne hobbyen er det. Men eg har grua meg litt til akkurat denne delen, sidan det krev å fjerne materiale frå øyredelen. Skummelt!
I filmen ser vi to raude lys som blinkar i eit bestemt mønster og tre kvite lys som skrur seg på i avstandsmålaren når stanga er i vassrett posisjon. Du kan òg sjå at stanga kjem borti ein liten raud prikk når ho står i denne posisjonen. Denne prikken er toppen av ein Honeywell 11SX1-T mikrobrytar.
Du treng berre dei raude lysa for å få godkjent kostymet, og dei treng ikkje å fungere. Men viss du siktar på høgare nøysemd, må alle elementa vere til stades:
- Hjelmen må ha to raude lys og tre kvite lys.
- Lysa må slå seg på når stanga er i vassrett posisjon.
- Stanga må vere borti ein Honywell-liknande brytar når ho står i vassrett posisjon.
Du treng ikkje å kople lysa til brytaren. Det finst måtar å gjere lysa sjølvstendig. Men det er jo ikkje noko gøy!
(Sjølv om tyngdekraft-aktiverte lys høyrast kult ut!)
Eg fekk tak i eit lyssett med ein mikrobrytar og ei ny, hul stang for å byte ut den stanga eg har no. Og sidan eg likevel skulle laga hol i hjelmen, så bestemte eg meg for å monterte den fjernstyrte servo-motoren.
Ikkje påkravd. Men kult!
For å montere servoen måtte eg utvide holet i stanga og hjelmen. Eg brukte ein metalldrillbit. Servoen måtte sitje tett fast, så eg hjelpte til med bittelitt lim.
Eg brukte E6000 for å montere motoren inni hjelmen, og så kledde eg den inn med kitt (Sugru/Kintsuglue).
For å gjere batteripakken lett tilgjengeleg, festa eg han med borrelås som eg limte fast med limpistol.
I videoen gløymte eg å vise korleis eg løyste problemet med at toppfliken ikkje var brei nok. Eg prøvde – men feila – å lage ein ny flik. Så eg tok ein liten spiker, bøygde han litt over 90 grader og limte han fast i skrueholet. Så no er fliken både limt på og hekta fast. Avstandsmålaren ramlar ikkje av med mindre eg verkeleg går inn for det!
Eg måla også alt kvit resin i øyrestykket, sølv. Ikkje nødvendig sidan det ikkje er synleg, men eg hadde lyst likevel.
Seinare har eg lyst til å montere eit par vifter inni hjelmen. Då håper eg at eg kan montere batteripakken til viftene på montsett side av avstandsmålaren for å skape balanse1. Men det får vente til ein annan gong.
Dette brukte eg:
- Lyssett frå Jc27 på The Dented Helmet
- Trådlaus servomotor frå Black Tusk Workshop
- Sandpapir, ymse sortar
- Filer
- Rettslipar med forskjellige bits
- Drillbor med forskjellige bits
- Kvit ABS-plast
- Superlim
- E6000-lim
- Limpistol
- Kitt
- Borrelås
- Avbitartang
- Batteri
- Maskeringsteip
- Støvmaske
- Sølvmåling
- Målarpensel med tynn spiss
- Tråd
- Binders
1) Eg testa om stroppar kunne hjelpe mot ubalansen, men det var for upraktisk. Eg brukte stroppar i stormtrooper-hjelmen, men har fjerna dei.