Bursdagsfest for to barn

Dato: 2016-03-30
Stad: Båsmobakken barnehage, Mo i Rana.
Type: Bursdagsfest

To bursdagsgutar hadde fest, og vi kom for å inspisere kaka. Ho var innanfor parametera for imperisk perfeksjon.

Eg var ganske nervøs før dette arrangementet. Som stormtrooper har eg eit ganske snevert synsfelt. Eg ser ingenting under nasen, og på grunn av linsene ser alt mørkegrønt ut. Innandørs er eg blind som ei flaggermus frå Dagobah, og eg var redd for å dulte borti ein unge ved eit uhell. Heldigvis var det ingen sivile skadar.

Eg snakka med ein av fedrene nokre veker seinare, og han fortalde at ungen hadde snakka om besøket i dagevis.