Star Wars Celebration Japan 2025

Dato: 2025-04-18 – 2023-04-20
Stad: Makuhari Messe, Chiba, Japan
Type: Messe
Kostyme: ingen

I drog til Japan for Star Wars Celebration i april. Dette var min fjerde Celebration. Det var også den største med tanke på deltakarar, med over 105.000 menneske

Star Wars Celebration er den største Star Wars-messa i verda. Den blir arrangert ca annankvart år og flyttar rundt. Førre Celebration var London 2023. Den neste blir Los Angeles 2027.

På Star Wars Celebration kan du typisk finne:

  • Hovudpanela til Lucasfilm på dei største scenene.
  • Mindre panel på små scener eller konferanserom.
  • Seljarar og bodar med alt mogleg av Star Wars-greier.
  • Mathallar
  • Tusenvis av folk som elskar Star Wars.

Eg kom meg ikkje inn på hovudpanela. Men frå det eg har høyrt gjekk eg ikkje glipp av noko. Eit par annonseringar, ingen nye trailarar, nokre gjestar. Men alle gjestane besøkte også live-scena, så eg fekk sjå Sigourney Weaver, Ryan Gosling, Pedro Pascal, Diego Luna, Pedro Pascal, Adria Arjona og andre sjølv om eg ikkje var på panela deira.

Reisa mi starta på fredag 11. klokka 15.40. Eg reiste Mo i Rana – Trondheim – Oslo, og overnatta på eit flyplasshotell. Tidleg laurdag morgon reiste eg frå Oslo – München – Tokyo. Eg kom fram på sundag klokka 1 norsk tid, 8 japansk tid, etter å ha vore "på reisefot" for over 33 timar. Eg klarar aldri å sove på fly, så eg var veldig trøytt. Det meste av sundagen vart tilbrakt på hotellet.

På måndag utforska eg Akihabara og Ueno-parken. Eg såg kirsebær-blomene for fyrste gong i livet, tinga mat på gebrokkent japansk, og gjorde meg kjent med kollektivtransporten i Tokyo. Dagens høgdepunkt var nok å slappe av ein liten time i ein kattekafé.

Tysdag drog eg på ein guida tur til keisarpalasset, Senso-ji-tempelet i Asakusa og til slutt observasjondekket i Tokyo Tower. Eg var ikkje så imponert over turen, men guiden var kunnskapsrik og morosam.

På onsdag henta eg Celebration-festivalpasset mitt. Etterpå drog eg til Shinjuku i håp om å besøke Gojira på Hotel Gracery, men utkikksbalkongen var diverre stengt. Eg fekk berre sett kaijuen ute frå gata. Eg drog også til Shibuya, kor eg besøkte statuen av Hachikō, såg det berømte 3D-gateskiltet og våga meg over Shibuya-gangfeltet, verdas travlaste gangfelt.

På torsdag var eg på ein busstur til innsjøen Kawaguchi, eit par timar utanfor Tokyo. Det var ein taubane opp ei fjellside med flott utsikt mot Mt. Fuji og innsjøen. Etterpå drog vi til eit tehus og fekk delta på ein matcha-te-seremoni. Så åt vi lønsj, før vi drog til Oshino Hakkasai før vi stoppa ved ein Lawson-butikk på veg tilbake. Butikken er visstnok ein berømt fotostad. Eg forstår ikkje kvifor. Det er ein heilt vanleg nærbutikk.

Fredag til sundag vart tilbrakt i Makuhari Messe i Chiba, om lag 40 minutt utanfor Tokyo.

På laurdag var eg på Matsuri-festen og fekk oppleve taiko-tromme-utøvarar på nært hald. Det var nok favorittopplevinga på turen.

Wakodaiko, a taiko drum club, mid-performance.
Wakodaiko

Eg starta heimreisa på sundag ettermiddag. Flyet letta kl. 21.40 lokal tid, 14.40 norsk tid. Tokyo – Frankfurt – Oslo – Bodø – Mo i Rana. Eg landa kl. 15.25 måndag, ca. 25 timar seinare. Som ein kurositet flaug flyet frå Tokyo til Frankfurt nord for Russland og over Arktis. Det er mogleg at flyet var synleg frå heime rundt klokka 2.30 om natta.