Star Wars Celebration Europe 2023

Dato: 2023-04-07 – 2023-04-10
Stad: ExCel, London
Type: Messe
Kostyme: none

Eg er heilt utkøyrt etter å ha festa og feira Star Wars med 30.000 av mine nærmaste vener i dagevis sist helg. Eg hadde det supergøy!

Star Wars Celebration er den største Star Wars-messa i verda. Ho blir ikkje skipa årleg, og flyttar rundt. Sist ho var i Europa var i 2016, også den gongen i London.

På Star Wars Celebration kan du typisk finne:

  • Hovudpanela til Lucasfilm på dei største scenene.
  • Mindre panel på små scener eller konferanserom.
  • Seljarar og bodar med alt mogleg av Star Wars-greier.
  • Store rekvisittar, perfekt for å ta foto med.
  • Mathallar
  • Og mange tusen menneske som alle elskar Star Wars like mykje som deg.

Dette siste punktet er kanskje det aller viktigaste. Sjølv dei mest introverte av oss kan gå bort til ei tilfeldig gruppe menneske og spørje om ein esoterisk figur i ein obskur roman, og det er stor sjanse for at dei veit nøyaktig kven du siktar til og meir enn gjerne slår av ein prat om figuren. Det er veldig givande!

Eg kom meg ikkje inn på andre hovudpanel enn Bad Batch-panelet, og det var litt skuffande, men eg fekk sjå alle gjestane på hovudscena, og eg var på fleire av dei mindre panela. I tillegg brukte eg mykje tid ute blant bodane, besøkte alle utstillarane og såg på mykje greier.

Eg hadde ingen kostyme med meg sidan eg enno ikkje har nokon god måte å transportere dei med på fly. På fredag hadde eg på meg FISD-klubbskjorta, på laurdag brukte eg BHG-klubbskjorta og på sundag hadde eg på BHG-jakka. Eg hugsar ikkje kva eg hadde på meg på måndag.

Meg i bagasjen heim hadde eg fire kunstverk, eit signert foto med Katee Sackhoff, mange t-skjorter og anna stæsj.

Utanfor messa drog vi på klubbtreff og etterfestar, besøkte innspelingsstadane til Rogue One og Andor og åt mykje god mat.

Inngangen utanfor ExCel-senteret
Framfor ein nedskalert modell av ein TIE-fighter
På innspelingsstaden til Imperial Security Bureau i Andor