Rosa sløyfe-laupet 2021

Dato: 2021-10-02
Stad: Klokkerhagen, Mo i Rana
Type: Velgjerdsarrangement
Kostyme: Stormtrooper

Vi deltok i Rosa sløyfe-laupet idenne helga. Innkomene frå laupet går til brystkreftforskning og å auke bevisstheita om brystkreft gjennom Rosa sløyfe-aksjonen. Meir informasjon om arrangementet: rosasloyfelopet.no

Det var over 250 deltakarar på arrangementet og arrangørane fekk inn over 90.000 kroner.

Vi gjorde trekilometerløypa. Det fanst òg ei sekskilometerløype. Mesteparten av tida gjekk vi i godt tempo, men måtte roe ned mot slutten på grunn av eit påkledningsproblem. (Venstreleggen min stakk inn i hælen og beit meg bak kneet – og gjett om eg har vassblemer som bevis!)

Mange stoppa for å ta bilete med oss, inklusive lokalavisene Rana No og Rana Blad (for abonnentar)

A stormtrooper and a TIE pilot on a pathway. Both are wearing starting numbers for the Pink Ribbon Charity Run. The Stormtrooper are also wearing a pink headband.
Foto av: Agnete P
A large group of people in a park are doing a warm-up. Most are dressed in pink. All are wearing starting numbers for the Pink Ribbon Charity Run. A stormtrooper and a TIE pilot is among the crowd.
Frå oppvarminga.
Foto av: Tobias N.