Folketoget 2024

Dato: 2024-05-17
Stad: Trondheim
Type: Parade
Kostyme: Boba Fett

Dette var min fjerde parade i Trondheim, og den fyrste som Boba. Det var skikkeleg staseleg. Vêret var knallfint og gatene var stappfulle av folk som kom for å sjå og heie på oss. Eg trur ikkje at eg har sett så mange tilskodarar før.

Skifterommet var på Comfort Park Hotel. Der knipsa fotografen Obelix Barbala nokre bilete, før vi gjekk for å møte Byåsen musikkorps ved oppstillingsplassen. Vi har samarbeidd med korpset i mange år no, men eg blir framleis heilt ekstatisk av å høyre dei spele Williams.

Eg gjekk som Boba Fett. Det var frykteleg morosamt å gå som ein namnefigur. Folk ropte namnet "mitt" av glede når dei såg meg.

Comfort Park Hotel før paraden
Foto av: Obelix Barbala
Nidarosdomen med Byåsen musikkorps
Foto av: Obelix Barbala
Foto av: Obelix Barbala

Nokon har lagt ut ein TikTok-video av oss: vm.tiktok.com/ZGeX8uvsy/