Skaparfestival 2022

Dato: 2022-05-07
Stad: Vitensenteret i Mo i Rana
Type: Messe
Kostyma: Stormtrooper and Boba Fett

Vitensenter Nordland, det lokale vitensenteret, skipa ei skaparfestival. Målet var å vise fram alle typar skaparar – frå programmerarar og hackarar til handtverkarar og oppfinnarar. Og, sjølvsagt, kostymebyggarar.

Vi hadde ein stand rett framfor inngangen. Der delte vi ut flygeblad, rusla rundt i drakt, snakka med folk om kostymebygging og 501st, poserte for fotografering og hadde det gøy. Ei lokalavis skreiv ein artikkel om messa (for abonnentar), og der var det eit par setningar om oss.

Tilskipinga vara i seks timar. Eg gjekk som Boba Fett eit par timar og seinare som stormtrooper. TI-2096 gjorde òg eit kostymebyte, fyrst som imperisk offiser og så som TIE-pilot.

Foto av: Agnete Pettersen