Halloween på St. Olavs hospital

Dato: 2024-10-31
Stad: Trondheim
Type: Velgjerd
Kostyme: Stormtrooper

Trooparar frå Norwegian Garrison og kadettar frå Luftkrigskulen besøkte barneavdelinga på St. Olavs hospital på halloween. Vi prata med ungane, delte ut godteri og stilte opp på foto med dei.

Eg har hatt lyst til å delta på dette arrangementet i årevis, men har ikkje hatt høve før no. Dette er ein av dei mest meiningsfylte oppdraga vi gjer, så eg er glad for at eg endeleg fekk ta del i det sjølv.

A group photo.Top: A cadet in a grey flight suit and helmet, two cadets in green military uniform and witch hats, a cadet in grey flight suit and a fluffy toy spider on the shoulder, a stormtrooper (me), a Darth Vader, a stormtrooper, and a cadet in green military uniform and camouflage facepaint. Two of the cadets is carrying halloween buckets filled with candy to hand out.Bottom: Two snowtroopers, a scout trooper, nurse Mads, a scout trooper, and a cadet in green military uniform and camouflage facepaint.
Foto av: Hans-Petter Larsen

Barnekreftforeningen Trøndelag har lagt ut fleire bilete på Facebook-sida si.

Turen ned til Trondheim var ikkje problemfri. Planen min var å ta nattoget ned, vere heile dagen i byen, kanskje få unnagjort litt julegåvehandling før halloween-arrangementet, og så ta nattoget heim igjen.

Men for eit par dagar sidan skjedde det ei tragisk ulukke rett sør for der eg bur. Eit ras førte til togavsporing. Alle tog vart innstilt på ubestemt tid. Området vart vurdert utrygt, så hovudvegen forbi der vart også stengt. Og det fæle vêret vi har på denne tida av året har ført til at begge omvegane har vore stengt fleire gonger sidan då. Å køyre nedover med bil var difor heller ikkje eit val.

Eg bestemte meg for å ta fly. Då fekk eg kortare tid i byen før arrangementet, og eg fekk det kjempetravelt etterpå. Begge flyavgangane mine vart nesten innstilt eller forseinka på grunn av vêret, så dette vart mildt sagt ein stressande tur.