Bursdagsfest for fire barn

Dato: 2016-09-18
Stad: Utskarpen, Rana.
Type: Bursdagsfest

Fire gutar feira fellesbursdag med eit Star Wars-tema på festen. Eg gjorde ein overraskingsinspeksjon. Alle barna tok bilete saman med meg.

Eg var einaste trooper på dette arrangementet. Å flyge solo var litt skremmande, spesielt med tanke på at det var nesten 30 barn der, men alt gjekk fint. Vel, nesten alt. Batteriet på røystboksen min var flatt, og hjelmen er veldig dempande, så det var vanskeleg å høyre kva eg sa. Men ungane såg ikkje ut til å bry seg om akkurat det.

Barna var begeistra, foreldra fornøgde og alt i alt var dette ein bra troop.