Bygge Boba: Samle kunnskap

Som de sikker veit skal eg lage eit nytt kostyme! Denne gongen av favorittfiguren min frå Star Wars, den berykta dusørjegaren Boba Fett. I denne bloggserien skal eg ta dykk med i prosessen frå start til slutt.

Eg har alltid hatt lyst på eit Boba-kostyme, til og med før eg starta på stormtrooper-drakta mi. Men eg visste at dette er eit detaljrikt og vanskeleg kostyme å byggje, og difor ikkje for uerfarne. Men no, etter å ha laga ei stormtrooper-drakt og troopa eit par år, kjenner eg meg klar for utfordringa.

I fjor såg vi ein mandalorisk rustning i kulissane til Solo: A Star Wars Story, og det fekk meg til å håpe på at det kom til å bli noko av dusørjegarfilmen det gjekk rykte om. Og eg tenkte at det ville jo vere perfekt å starte på dette prosjektet no! (Og berre eit par månader seinare vart serien The Mandalorian annonsert!)

Det fyrste steget er det same uansett kostyme: Samle inn kunnskap.

For openheit skuld: Eg starta å samle inn kunnskap til dette prosjektet for nokre år sidan, men starta ikkje offisielt på det før . Eg vil skrive (eller "vil ha skrive" innan du les dette) innlegga fortlaupande, men kjem til vente litt med å publisere dei.

Prosjektet kjem til å involvere ei lang venteperiode utan at noko skjer, og det er jo ikkje gøy. Eg kjem til å opplyse om når eg skreiv innlegga. Og når vi nærmar oss opplaups­sida reknar eg med at innlegga kjem til å vere meir "direkte".

Eg vil sate på eit til to innlegg i månaden, men eg er ikkje så veldig god til å halde tidsskjema, så eg lovar ingenting.

Steg 1: Avgjer kva for Boba-variant eg vil ha

Det er mange variantar av Boba Fett-kostymet. Kanskje Imperiet slår tilbake?Jediridderen vender tilbake? Dei nye scenene i spesialutgåva av Et nytt håp? Star Wars Holiday Special? Den kvite prototypen? Eller ein av preproduksjonsprototypane?

Min fyrste stopp var 501st.com for å lese CRL-ane. Kvar variant har sine gode og dårlege sider. Eg liker alle fargane i ROTJ, men Holiday Special er òg veldig stilig. Drakta, altså. Ikkje filmen. Aldri den filmen! Og forresten: Kvifor hadde Lumpawaroo ein teiknefilm om faren sin i fare? Er det ein normal ting å ha på Kashyyyk? Lagar alle wookieear teiknefilmar av seg sjølv for kvalpane sine? Her, gut, her har du ein teiknefilm om onkel Han og pappa som kjempar mot eit frykteleg virus brukt som biovåpen og lurt trillrundt av ein farleg dusørjegar! Wookieear har dei underlegaste familiestundane… Men det var ei avsporing!

Fordi CRL-en til ESB var mest komplett då, og fordi det var den filmen som gjorde meg ein Fett-beundrar, bestemte eg meg for å gå for Imperiet slår tilbake-varianten: https://databank.501st.com/databank/Costuming:BH_Boba_Fett-ESB

Me with a 501st member in a Boba Fett costume
Ein sjølvi med eit 501st-medlem i ei Boba-drakt.
Frå Intergalactic Weekend i Bodø, september 2017.

Steg 2: Bli kjent med Fett-fellesskapet

Straks eg hadde bestemt meg for variant, var det tid for å bli kjent med fellesskapet kring kostymet. Den beste måten er å finne Detachmentet.

Boba Fett costumes are under the detachment called The Bounty Hunters Guild, so I registered with their forum and started reading: TheBHG.net.

Det finst òg ein klubb – uavhengig av 501st Legion – som heiter Mandalorian Mercs. Dei er ein gjeng med kule karar og kvende med stilige eigentilpassa mandodrakter: MandalorianMercs.org.

Eit anna fellesskap er Boba Fett Fan Club. Berre for skøy.

Since I’m aiming for Legion approval, I need to stick to Legion requirements, as defined by the detachment. The Bounty Hunters Guild is specializing in all the canon and legends bounty hunters, not just the Fetts. The Guild is a good place to learn about the Legion requirements and getting to know the community, but Boba Fett is a highly detailed costume, and you need more research material than what the Guild alone can provide.

Heldigvis finst det eit forum kalt The Dented Helmet, som handlar spesifikt om dette kostymet. Så eg registrerte meg der òg: TheDentedHelmet.com. The Dented Helmet er heller ikkje ein del av 501st Legion, men blir rekna av mange som den definitive ressursen for alt om Boba-kostymet. Nettstaden er drifta av Movie Prop Sites, som også driv den berømte og anerkjende The Replica Prop Forum.

Dei neste vekene brukte eg to-tre timar kvar dag på dei ulike nettstadene. Eg las, tok notat, samla inn kunnskap og samanlikna med CRL-en. Kunnskapsbygging er det viktigaste steget i eit kvart kostymeprosjekt.

Steg 3: Ta kontakt med andre byggarar og skaparar

Eg har ikkje verktøy eller ressursar til å lage ei slik drakt frå botn av. Med Boba-drakta må du være skulptør, metallarbeidar, skreddar, hestekar, målar, skomakar, elektronikar med meir. Men i kostymefellesskapa finn du skulptørar som kan hjelpe deg, metallarbeidarar som kan bygge delar, skreddarar som kan sy, heisteeigarar som kan gje deg hår, og så vidare.

Etter over 30 timar med kunnskapsbygging kontakta eg ulike skaparar. Med deira råd har eg eit godt oversyn over kva eg treng for å lage ESB Boba. Eg treng framleis å samle inn meir informasjon, sjølvsagt, men rundt 30 timar gir deg oversynet du treng for å starte.

(Det var likeeins med stormtrooper-drakta. Rundt 30 timar var nok for å starte bygginga, men totalt brukte eg nok over 100 timar på dette.)

Framgang

Målet er å ha drakta ferdig til desember 2019. Eg anslår at totalkostnaden blir ca. 50.000 kr.

Her er delane eg treng, per 23. mai 2018:

  • Hjelm
  • Hals
  • Vest
  • Brystplater
  • Ryggplate
  • Jetpack med seletøy
  • Kappe
  • Wookieeskalpar
  • Skulderplate
  • Stridshanskar
  • Hanskar
  • Flygedrakt
  • Ammunisjonsbelte
  • Hoftelommer
  • Bukbelte
  • Våpenhylse
  • Susp
  • Sideplate
  • Kneplater
  • Verktøy på legg: Sonisk strålevåpen
  • Verktøy på legg: Antialarmblad
  • Verktøy på legg: Overlevingskniv
  • Verktøy på legg: Jetpack-justeringsnøkkel
  • Sko med metallspissar
  • Våpen: ESB EE-3
  • Våpen: ESB-handvåpen
  • Jetpack-seletøy
  • Elektronikk: Servomotor til avstandsmålar
  • Elektronikk: Lys til avstandsmålar
  • Elektronikk: Vifter til hjelm
  • Elektronikk: Lys til jetpack
  • Elektronikk: Display på brystplate
  • Elektronikk: Lys i stridshanske

La oss starte!