Nettsida til Norwegian Garrison

Norwegian Garrison har vore nettsidelaus heilt sidan vi byta namn, men denne fredagen lanserte vi endeleg den nye nettstaden vår.

Norwegian Garrison – 501st Legion i Noreg
URL: norwegiangarrison.no 

Eg vil gjerne høyre kva du synest! Eg har brukt nokre timar på å lage ho.

Leiaren vår spurte meg fleire gonger om eg kunne hjelpe til. I starten ville eg ikkje ta på meg prosjektet, men eg sa til slutt at det var greitt. Norwegian Garrison hadde vore utan nettsider i fleire månader, så det var viktig å få ei ny ei opp og gå.

Eg hadde eit møte med kontaktpersonane våre for nett og sosiale medium, og starta arbeidet.

Vi ønskte ikkje å byggje på den gamle nettstaden. Vi ville dessutan at hovudspråket på nettstaden skulle vere norsk, sidan flesteparten av publikummet vårt er i Noreg. Så det gamle innhaldet til Nordic Garrison måtte gå, og eg starta med blanke ark.

Det fyrste eg gjorde var å undersøke kva andre garnisonar i legionen hadde gjort. Nettadresser til dei alle finst på "Unit Listings"-sida hjå hovudkontoret: https://www.501st.com/members/displayUnits.php

Dei fleste nettstadene var heilt OK. Enkelte var utilgjengelege då eg prøvde å besøke dei. Somme såg skikkeleg gamle og utdaterte ut. Eg valde meg ut ti nettstaden som både såg bra ut og fungerte best for det vi ønskte. Dei var, i tilfeldig rekkefølgje:

Så samla eg inn informasjon om plattform, formgjeving og funksjonalitet desse nettstadene hadde, og brukte dette som inspirasjon og springbrett vidare på vår eigen nettstad.

Etter å ha laga designet og funksjonaliteten ferdig, skreiv eg litt innhald til sidene.

Den mest utfordrande delen var å gjere sida fleirspråkleg. Noreg har to offisielle skriftsspråk, bokmål og nynorsk. Og sidan Norwegian Garrison ønsker å vere ein verkeleg Norsk garnison, var det naturleg å lage sidene våre på begge språka. Eg veit at vi får mange besøk frå rundt om i heile verda, så det var òg eit ønske om ein engelsk utgåve.

Eg har eksperimentert med to språk her på min eigen nettstad TK32700.com, men tre språk var mykje meir vanskeleg. Særleg vrient var det å få det til å fungere med dei mer avanserte funksjonane på framsida. Men det ser ut til å fungere. Språkvalet finn du i toppmenyen under (globus)-ikonet.

Skjermbilete av toppmenyen på NorwegianGarrison.no

Eg jaktar alltid på måtar å forbetre prosjekta mine på, og har allereie leika meg med tanken på eit fjerde språk, nordsamisk. Det ville vore skikkeleg kult! Men eg kan diverre ikkje språket sjølv, så eg kan diverre ikkje omsetje det.

Vi har ikkje så mykje innhald på nettstaden enno. Målet mitt var å få sida opp og gå snøggast råd, og at ho skulle svare på spørsmåla Kven, Kva, Kvar og Korleis:

  • Kven er Norwegian Garrison?
  • Kva gjer vi?
  • Kvar kan folk kontakte oss?
  • Korleis kan folk bli medlem?

Eg har nokre planar for framtidig innhald, men dette får vere godt nok no.

Adressa vår er, igjen: NorwegianGarrison.no

Skjermbilete av Bli med -sida på NorwegianGarrison.no

Viss du lurer på korleis den gamle sida såg ut, finn du ho på Wayback Machine.