Skal du sjå Solo denne veka?

Seinare denne veka vil mange av dykk sjå Solo: A Star Wars Story på kino. Kanskje treff du på trooperar frå 501st Legion der? Kom og sei hei!

Du må gjerne ta bilete av oss. Viss du deler bileta på nett, bruk gjerne emneknaggen #501stLegion, og #NordicGarrison viss du er i Noreg, Sverige eller Finland.

Ver merksam på at kostyma våre vanskeleg å sjå ut av. Vi set pris på at du tek omsyn til dette når du kjem bort til oss, og at du gir oss litt rom viss vi går rundt. Lytt til hjelparane våre. Det er dei som har lettare kostyme eller klede med klubblogoane våre på.

Kos deg på kino. Og hugs: ikkje røp noko! «Loose lips bring down starships.»