Ordliste
Terminologi, akronym, forkortingar, ord og frasar om kostymehobbyen, 501st Legion og Star Wars.
0-9
- 501st Legion (klubb)
- Verdsfemnande kostyme- og velgjerdsorganisasjon som kler seg ut som "dei slemme" i Star Wars. Klubben vart stifta i 1997.
- 501st Legion (fiksjonsregiment)
- Ein elitelegion av klonetropp-/stormtropp-soldatar under kommandoen til Darth Vader. Regimentet oppstod fyrst under Klonekrigen. Også kjent som 501st Clone Battalion og seinare "Vader's Fist".
Namnet vart skriven inn i Star Wars: The Clone Wars som ein referanse og takk til kostymeklubben 501st Legion. (Sjå: 501st Legion (klubb))
A
- Aurebesh
- Det galaktiske standardalfabetet i Star Wars-universet.
Andre kjente alfabet: Outer Rim Basic (ofte brukt til å transkribere huttisk), Futhark/Futhork (mest sett på Naboo), Høg-galaktisk (ser akkurat ut som det ekte, latinske alfabetet vårt).
Desse alfabeta har stort sett dei same bokstavane som i engelsk, så du kan eigentleg kalle dei ein skrifttype heller enn eit alfabet. Men det finst enkelte bokstavar som ikkje finst i engelsk.
Høg-galaktisk er ein retcon. (Sjå: retcon)
B
- BH-
- Trooper-ID-prefiks for dusørjegarkostyme.
- BHG
- Sjå: Bounty Hunter Guild.
- Bounty Hunter Guild
- Ei underavdeling av Legionen som spesialiserer seg på dusørjegarkostyme. Også kjent som The BHG. (Sjå: Detachment)
- Bucket
- Bøtte, slang for hjelm.
C
- CRL
- Sjå Costume Reference Library.
- Celebration
- Sjå: Star Wars Celebration.
- Centurion
- Tredje og høgste nivå av kostymedetalj-nøyaktigheit, som definert i Stormtrooper-CRL-en. Valfritt, ikkje påkravd for medlemskap. (Sjå: Costume Reference Library)
- Challenge coin
- Liten metallmedaljong/samlemynt (vanlegvis rundt 3-4 cm i diameter) med eit symbol, logo eller tekst. (Sjå: Merch.)
- Con
- Sjå: Convention.
- Convention
- Messe - eit organisert arrangement der fans samlar seg for å feire ei felles interesse. Det blir skipa panelordskifte, sniktitt på nytt innhald, møte med kjente personar i miljøet, kostymekonkurransar, med meir.
- Cosplay
- Kostymehobby. Dei som har dette som hobby, lagar og/eller bruker kostyme for å representere eller spele ein spesifikk rollefigur eller type rollefigurar, ofte frå filmar, spel eller bøker innan sjangrane fantasi og science ficiton.
- Costume Reference Library
- Eit dokument som skildrar eit kostyme og alle delane i det, samt krava Legionen stiller. Medlemer blir akseptert basert på om dei oppfyller krava i desse dokumenta. Dei inneheld også merknader om valfrie gradar av kostymedetalj-nøyaktigheit. Også kjent som CRL.
D
- DZ-
- Trooper-ID-prefiks for ulike innbyggjar-kostyme.
- Detachment
- Ikkje-administrativ undereining av Legionen. Eit forum og fellesskap som etterforskar og spesialiserer seg i ein spesifik kostymetype, som delar kunnskap og erfaringar og som hjelpar nye rekruttar med prosjekta sine. Eit medlem kan vere knytt til mange ulike detachment.
E
- E-11
- Laserrifle brukt av stormtrooperar. Også kjent som “BlasTech E-11 Standard Imperial Sidearm”.
Dette var ein filmrekvisitt basert på det britiske maskingeværet Sterling MK IV.
- EE-3
- Laserrifle brukt av Boba Fett. Også kjent som “BlasTech EE-3 Carbine Rifle”.
Dette var ein filmrekvisitt basert på signalpistolen Webley & Scott No. 1 Mark 1.
- EIB
- Sjå: Ekspertinfanteri.
- Ekspertinfanteri
- Andre nivå av kostymedetalj-nøyaktigheit, som definert i Stormtrooper-CRL-en. Valfritt, ikkje påkravd for medlemskap. EIB står for "Expert Infantery Badge" (Sjå: Costume Reference Library)
F
- FISD
- Sjå: First Imperial Stormtrooper Detachment.
- Fire-team
- Lokal, ikkje-offisiell undereining av ein Detachment, for troopers av same kostymetype i same område. (Sjå: Detachment)
- First Imperial Stormtrooper Detachment
- Forkortast som FISD. Ei undereining av Legionen som spesialiserer seg på stormtrooper-kostyma. (Sjå: Detachment)
G
- GML
- Garrison Membership Liaison, medlemskoordinator. Din kontaktperson når du søker medlemsskap i ein garnison.
Frå Wikipedia: «The GML is responsible for reviewing and processing applications for membership and maintaining Garrison member information in the Legion database. »
- Garnison
- Lokal eining av 501st Legion med minst 25 medlem. Det meste av aktiviteten i Legionen skjer lokalt, organisert av garnisonen i området. Store garnisonar kan vere inndelt i squads.
- Greeblie
- Ting som blir brukt som dekor på eller i eit kostyme eller rekvisitt utan å ha ein funksjon. Ein greeblie kan vere kva som helst, som knappar, kablar, springfjør frå ei penn, delar frå byggesett og så vidare. Greebliane sin einaste funksjon er å få gjenstanden til å sjå meir interessant ut. Omgrepet blir sagt å stamme frå George Lucas.
I
- Infamous
- Andre nivå av kostymedetalj-nøyaktigheit, som definert i Boba Fett-CRL-en. Valfritt, ikkje påkravd for medlemskap. (Sjå: Costume Reference Library)
K
- K-11
- Laserpistol brukt av Boba Fett. Også kjent som "Sacros K-11 Disintegrator Pistol".
Dette var ein filmrekvisitt basert på spydfiskepistolen Technisub Pulce 40.
L
- Legion
- Sjå: 501st Legion. Det kan også tyde Rebel Legion, men på denne nettstaden er det mest det fyrste.
- Logo, bokstav (501st Legion)
- 501st Legion har to logovariantar. Bokstavlogoen har orda "501st Legion" i ein skrifttype som heiter "Vader's Fist". Nulltalet og bokstaven O har omrisset av ein stormtrooper.
Over "st" i "501st", i ein sans-serif-type, står det "Vader's fist".
Det er to utgåver av bokstavlogoen, ei bannerutgåve og ein firkanta utgåve med ordet "Legion" i litt mindre storleik og plassert nedanfor "501st".
- Logo, sirkel (501st Legion)
- 501st Legion har to logovariantar. Sirkellogoen har ein stormtrooper med ei E-11-rifle framfor det imperiske tannhjulsymbolet. I aurebesh over trooperen står det "Vader's fist", og nedanfor står det "501st Legion".
M
- Makerspace
- Ein verkstad, ofte drifta frivillig, kor folk kan samlast for å dele verktøy og kunnskap innan mange ulike handverk og hobbyar. Døme: kostymebygging, ølbrygging, elektronikk, programmering.
- Merch
- Merchandise – profileringsartiklar og minnegjenstandar, ofte i avgrensa opplag og berre for medlem. Dette kan vere alt frå t-skjorter og putetrekk til broderte jakkemerke og pins.
N
- Nidaros Imperial Squad
- Tidlegare lokal undergruppe av Legionen i Trondheim. Dei var også kjent som Nidaros Imperial, og var ein del av tidlegare Nordic Garrison. (Sjå: Squad)
- Nordic Garrison
- Tidlegare lokal avdeling av 501st Legion i Danmark, Sverige, Finland og Noreg.
Danmark stifta Danish Garrison i 2017.
I 2022 gjekk Sverige og Finland ut kvar for seg for å stifta Swedish Garrison og Finnish Garrison.
Nordic Garrison vart til Norwegian Garrison i 2022. (Sjå: Garnison)
- Norwegian Garrison
- Den lokale avdelinga av 501st Legion i Noreg. Tidlegare kjent som Nordic Garrison. (Sjå: Garnison)
O
- Outpost
- Utpost, ei lokal avdeling av Legionen i område med for få troopers til å skipe ein garnison. Ein utpost treng minst éin medlem. (Sjå: Garnison)
R
- RPG
- Rollespel (role-playing game)
- Retcon
- Faktaopplysningar eller plottpoeng i eit nyare verk som justerer etablerte faktaopplysningar frå eldre verk, ofte fordi det nyare verket ikkje lenger samsvarer heilt med det eldre. Også kjent som "retroaktiv kontinuitet".
Døme: I Jediridderen vender tilbake, når Obi-Wan fortel Luke at hans tidlegare påstand i Stjernekrigen – at Vader drepte Anakin – var sant "frå eit visst synspunkt".
Frå WikiPedia: “…a literary device in which established diegetic ‘facts’ in the plot of a fictional work are adjusted, ignored, or contradicted by a subsequently published work which breaks continuity with the former”.
S
- SL-
- Trooper-ID-prefiks for eit sith-kostyme.
- SWC
- Sjå: Star Wars Celebration.
- Screen-accurate
- Filmlikt - Rekvisitt eller kostymedel laga for å sjå så likt ut som mogleg som i ein film.
- Screen-used
- Filmbrukt - Rekvisitt eller kostymedel som faktisk har blitt brukt i ein film.
- Squad
- Lokal undereining av ein garnison. Ein squad har minst 10 medlem, og opererer i eit avgrensa område innanfor territoriet til garnisonen. (Sjå: Garnison)
- Star Wars Celebration
- Den offisielle Star Wars-messa.
Messa skjer ikkje kvart år. Ho har tidlegare blitt arrangert i Denver (USA), Indianapolis (USA), Los Angeles (USA), London (England), Chiba (Japan), Orlando (USA), Essen (Tyskland), Anaheim (USA) og Chicago (USA).
(Sjå: Convention)
- Supporter
- Ein hjelpar utan kostyme eller i eit ikkje-restriktivt kostyme. Hjelparen fungerer som auga og øyra under ein troop, og passar på at trooparane (og alle rundt) er trygge. Blir også kalla handler, wrangler, squire, crew.
T
- TDH
- Sjå: The Dented Helmet.
- TI-
- Trooper-ID-prefiks for eit TIE-pilotkostyme.
- TK-
- Trooper-ID-prefiks for eit stormtrooperkostyme.
- The Dented Helmet
- Eit nettfellesskap som spesialiserer seg i Boba Fett og andre dusørjegarkostyme. Også kjent som TDH. The Dented Helmet er ikkje tilknytt 501st Legion.
- Troop
- Eit offisielt arrangement, organisert gjennom ein garnison, utpost eller gjennom Legionen sentralt.
- Troopar
- Ein medlem av 501st Legion. Medlemen kan ha kva som helst 501st-kostyme, ikkje berre stormtrooper-kostymet.
- Trooper-ID
- Unikt medlemsnummer i 501st Legion.
Trooper-ID-prefiksen fortel kva for kostymetype den trooperen har. Eg har lista opp dei mest brukte prefiksar på denne nettstaden her, men det finst mange fleire.
Trooper-ID-en min er 32700, og prefiksane mine er TK og BH.
- Trooping
- Å delta på eit offisielt 501st Legion-arrangement i godkjent drakt.