Folketoget 2022

Dato: 2022-05-17
Stad: Trondheim
Type: Parade
Kostyme: Stormtrooper

Min tredje parade i Trondheim. Det var skikkeleg stas å køyre nedover og møte mine med-trooperar igjen!

Garderobe og base dette året var Comfort Park Hotel. Stor takk til dei for å låne oss eit konferanserom.

Før folketoget tok vi ein snarvisitt innom Birralee International School rett rundt hjørnet. Vi helste på ungane og ønskte dei ein god 17. mai. Og så rusla vi bortover til oppstillingsplassen for toget.

Eg hadde nesten gløymt kor utruleg det er å marsjere nedover gatene i denne nydelege byen medan store folkemengdar står gatelangs og gispe høglydt og applaudere når dei ser oss, og med eit eiget korps spelar John Williams.

Eg gjekk som stormtrooper og var ein del av flaggborgen vår.

Utanfor Nidarosdomen etter paraden.
Foto av: Mari Danielsen