{"id":52121,"date":"2021-09-19T12:48:59","date_gmt":"2021-09-19T10:48:59","guid":{"rendered":"https:\/\/tk32700.com\/?p=52121"},"modified":"2023-08-10T15:11:43","modified_gmt":"2023-08-10T13:11:43","slug":"how-to-fix-yellowing","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/tk32700.com\/nn\/costuming\/how-to-fix-yellowing\/","title":{"rendered":"Slik fiksar du ein gulna stormtrooper-drakt"},"content":{"rendered":"<p class=\"wp-block-paragraph\">Kvit plast vil gulne over tid. Det er ikkje til \u00e5 unng\u00e5. Men du kan bremse denne prosessen eller til og med reversere han mellombels!<\/p>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">Viss du ikkje vil at plasten skal gulne, m\u00e5 du unng\u00e5 varme og UV-lys. S\u00e5 kanskje hylla over radiatoren i det solvendte rommet ikkje er den beste staden \u00e5 oppbevare den fine, blanke, kvite hjelmen din?<\/p>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">Men gulning vil skje, garantert. Du bruker jo drakta til trooping og vil bli eksponert for UV-str\u00e5ling, ogs\u00e5 i overskya v\u00ear. Det er berre \u00e5 akseptere dette. <\/p>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">Men slapp heilt av, for det g\u00e5r an \u00e5 fikse!<\/p>\n\n\n\n<div class=\"wp-block-image\"><figure class=\"aligncenter size-large is-resized\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" src=\"https:\/\/tk32700.com\/wp-content\/uploads\/2021\/09\/yellow1-1024x576.jpg\" alt=\"\" class=\"wp-image-52156\" width=\"768\" height=\"432\" srcset=\"https:\/\/tk32700.com\/wp-content\/uploads\/2021\/09\/yellow1-1024x576.jpg 1024w, https:\/\/tk32700.com\/wp-content\/uploads\/2021\/09\/yellow1-400x225.jpg 400w, https:\/\/tk32700.com\/wp-content\/uploads\/2021\/09\/yellow1-768x432.jpg 768w, https:\/\/tk32700.com\/wp-content\/uploads\/2021\/09\/yellow1.jpg 1280w\" sizes=\"auto, (max-width: 768px) 100vw, 768px\" \/><figcaption>Hjelmen min har gulna mykje<br>Foto: Stein Andr\u00e9 Olsen, p\u00e5 <a href=\"https:\/\/tk32700.com\/nn\/troops\/fritidsmesse-2019\/\">Fritidsmesse 2019<\/a><\/figcaption><\/figure><\/div>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">Den mest openberre tiltaket er \u00e5 male drakta kvit. Det var det dei gjorde med hjelmane i filmane. (Filmhjelmane var faktisk eigentleg mosegr\u00f8n!) Men det er lett \u00e5 gjere tabbar under maling. Synlege penselstr\u00f8k og maling som flakar av? Nei takk.<\/p>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">D\u00e5 er det betre \u00e5 bruke hydrogenperoksid. Dette er eit kjemisk stoff som ofte blir brukt til bleiking. Viss du nokon gong har bleika h\u00e5ret ditt, s\u00e5 var h\u00e5rbleikingstoffet truleg hydrogenperoksid.<\/p>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">Drakta mi har ikkje gulna s\u00e5 mykje enno, men hjelmen min ser heilt forferdeleg ut. Han har ein stor gul flekk p\u00e5 venstresida av toppen og fjesplata ser ut som om ho er solbrent. S\u00e5 eg bestemte meg for \u00e5 pr\u00f8ve \u00e5 fikse dette.<\/p>\n\n\n\n<div class=\"wp-block-image\"><figure class=\"aligncenter size-large is-resized\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" src=\"https:\/\/tk32700.com\/wp-content\/uploads\/2020\/08\/tk-eyes-2-1024x576.jpg\" alt=\"\" class=\"wp-image-51878\" width=\"768\" height=\"432\" srcset=\"https:\/\/tk32700.com\/wp-content\/uploads\/2020\/08\/tk-eyes-2-1024x576.jpg 1024w, https:\/\/tk32700.com\/wp-content\/uploads\/2020\/08\/tk-eyes-2-400x225.jpg 400w, https:\/\/tk32700.com\/wp-content\/uploads\/2020\/08\/tk-eyes-2-768x432.jpg 768w, https:\/\/tk32700.com\/wp-content\/uploads\/2020\/08\/tk-eyes-2.jpg 1280w\" sizes=\"auto, (max-width: 768px) 100vw, 768px\" \/><figcaption>N\u00e6rbilete av <a href=\"https:\/\/tk32700.com\/nn\/costuming\/new-stormtrooper-lenses\/\">h\u00f8gre auge<\/a>. Her ser du tydelege spor av gul \"solbrenning\".<\/figcaption><\/figure><\/div>\n\n\n\n<div class=\"wp-block-image\"><figure class=\"aligncenter size-large is-resized\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" src=\"https:\/\/tk32700.com\/wp-content\/uploads\/2021\/09\/yellow4-1024x576.jpg\" alt=\"\" class=\"wp-image-52166\" width=\"768\" height=\"432\" srcset=\"https:\/\/tk32700.com\/wp-content\/uploads\/2021\/09\/yellow4-1024x576.jpg 1024w, https:\/\/tk32700.com\/wp-content\/uploads\/2021\/09\/yellow4-400x225.jpg 400w, https:\/\/tk32700.com\/wp-content\/uploads\/2021\/09\/yellow4-768x432.jpg 768w, https:\/\/tk32700.com\/wp-content\/uploads\/2021\/09\/yellow4.jpg 1280w\" sizes=\"auto, (max-width: 768px) 100vw, 768px\" \/><figcaption>N\u00e6rbilete av h\u00f8gre auge etter behandling. Nesten fritt for gult!<\/figcaption><\/figure><\/div>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">Hydrogenperoksid er ei blank, vass-liknande v\u00e6ske. Du m\u00e5 anten senke delane ned i v\u00e6ska eller f\u00e5 ho til \u00e5 sitje fast p\u00e5 delane p\u00e5 eit eller anna vis. <\/p>\n\n\n\n<blockquote class=\"wp-block-quote is-layout-flow wp-block-quote-is-layout-flow\"><p><strong>\u00c5tvaring<\/strong>: Hydrogenperoksid kan f\u00f8re til alvorlege kjemiske brannskadar. Ikkje f\u00e5 det p\u00e5 huden, i auga eller i lungane. <strong>BRUK VERNEUTSTYR!<\/strong><\/p><\/blockquote>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">Eg har ikkje vore borti nokon som har dynka heile delane nedi f\u00f8r, men ein Youtube-kanal som heiter Odd Experiments har delt ein framgangsm\u00e5te: <a href=\"https:\/\/www.youtube.com\/watch?v=JX-RJM8MZpU\" rel=\"external\">https:\/\/www.youtube.com\/watch?v=JX-RJM8MZpU<\/a><\/p>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">Med drakta er den mest vanlege m\u00e5ten \u00e5 blande hydrogenperoksid med noko klissete. Ei popul\u00e6r oppskrift vart spreidd p\u00e5 ulike nettforum i dei tidlege dagane av Internett. Oppskrifta vart kalla Retr0bright (eller Retrobright), og oppskrifta finst no p\u00e5 <a href=\"https:\/\/retr0bright.com\/\" rel=\"external\">retr0bright.com<\/a>.<\/p>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">Enkelte stader kan det vere vanskeleg \u00e5 f\u00e5 tak i alle ingrediensane. Hydrogenperoksid, til d\u00f8mes, kan vere forbode \u00e5 selje til privatpersonar der du bur. H\u00f8yr med apoteket ditt.<\/p>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">Det finst ogs\u00e5 ferdig-miksa variantar p\u00e5 marknaden, som til d\u00f8mes ArmorWhite fr\u00e5 <a href=\"https:\/\/trooperbay.com\/trooperbay-armorwhite-plastic-whitening-gel\" rel=\"external\">Trooperbay.com<\/a>. Dette brukte eg p\u00e5 hjelmen min.<\/p>\n\n\n\n<div class=\"wp-block-image\"><figure class=\"aligncenter size-large is-resized\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" src=\"https:\/\/tk32700.com\/wp-content\/uploads\/2021\/09\/yellow2-576x1024.jpg\" alt=\"\" class=\"wp-image-52160\" width=\"432\" height=\"768\" srcset=\"https:\/\/tk32700.com\/wp-content\/uploads\/2021\/09\/yellow2-576x1024.jpg 576w, https:\/\/tk32700.com\/wp-content\/uploads\/2021\/09\/yellow2-225x400.jpg 225w, https:\/\/tk32700.com\/wp-content\/uploads\/2021\/09\/yellow2.jpg 720w\" sizes=\"auto, (max-width: 432px) 100vw, 432px\" \/><\/figure><\/div>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">Prosessen er ganske enkel. Sm\u00f8r delen med hydrogenperoksid-l\u00f8ysinga di, og la delen liggje i UV-lys (til d\u00f8mes ute i sola) i 12 timar. Vask vekk og gjenta viss det trengst.<\/p>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">Eg smurde heile hjelmen i greia med ein pensel, ikkje berre dei omr\u00e5da som hadde gulna. Eg skulle kanskje ha tatt vekk gummibandet og beskytte linsene, men heldigvis fekk eg ingenting p\u00e5 dei. <\/p>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">S\u00e5 plasserte eg hjelmen utand\u00f8rs. Etter ein time eller to vrei eg litt p\u00e5 han, slik at sola trefte dei sidene som hadde gulna mest.<\/p>\n\n\n\n<div class=\"wp-block-image\"><figure class=\"aligncenter size-large is-resized\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" src=\"https:\/\/tk32700.com\/wp-content\/uploads\/2021\/09\/yellow3-1024x576.jpg\" alt=\"\" class=\"wp-image-52165\" width=\"768\" height=\"432\" srcset=\"https:\/\/tk32700.com\/wp-content\/uploads\/2021\/09\/yellow3-1024x576.jpg 1024w, https:\/\/tk32700.com\/wp-content\/uploads\/2021\/09\/yellow3-400x225.jpg 400w, https:\/\/tk32700.com\/wp-content\/uploads\/2021\/09\/yellow3-768x432.jpg 768w, https:\/\/tk32700.com\/wp-content\/uploads\/2021\/09\/yellow3.jpg 1280w\" sizes=\"auto, (max-width: 768px) 100vw, 768px\" \/><\/figure><\/div>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">Eg er godt n\u00f8gd med resultatet. Den stygge gule flekken er vekk. Fjeset er nesten ikkje solbrent lenger. Eg ser framleis litt gulning her og der, men det er nesten ikkje merkbart. <\/p>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">Viss det trengst kan eg ta ein ny runde. Men det m\u00e5 vente \u2013 eg bur nordp\u00e5, s\u00e5 vi f\u00e5r ikkje 12 fulle timar med sol p\u00e5 minst seks m\u00e5nader no.<\/p>","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Kvit plast blir gulare over tid. Men slapp heilt av, drakta di kan bli kvit igjen!<\/p>","protected":false},"author":1,"featured_media":52175,"comment_status":"open","ping_status":"closed","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[48],"tags":[160,36,136,50],"class_list":["post-52121","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-costuming","tag-featured","tag-how-to","tag-repair","tag-stormtrooper"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/tk32700.com\/nn\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/52121","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/tk32700.com\/nn\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/tk32700.com\/nn\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/tk32700.com\/nn\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/tk32700.com\/nn\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=52121"}],"version-history":[{"count":15,"href":"https:\/\/tk32700.com\/nn\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/52121\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":52174,"href":"https:\/\/tk32700.com\/nn\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/52121\/revisions\/52174"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/tk32700.com\/nn\/wp-json\/wp\/v2\/media\/52175"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/tk32700.com\/nn\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=52121"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/tk32700.com\/nn\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=52121"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/tk32700.com\/nn\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=52121"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}