{"id":51979,"date":"2020-11-29T21:21:15","date_gmt":"2020-11-29T20:21:15","guid":{"rendered":"https:\/\/tk32700.com\/?p=51979"},"modified":"2020-11-29T21:43:25","modified_gmt":"2020-11-29T20:43:25","slug":"building-boba-helmet-electronics","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/tk32700.com\/nn\/costuming\/building-boba-helmet-electronics\/","title":{"rendered":"Bygge Boba: Hjelmelektronikk"},"content":{"rendered":"<p class=\"wp-block-paragraph\">Sj\u00f8lv om Boba-en min har blitt <a href=\"https:\/\/tk32700.com\/nn\/costuming\/building-boba-approved\/\">godkjent<\/a>, s\u00e5 er det framleis mykje som st\u00e5r att. Fyrst: Montering av elektronikken i hjelmen!<\/p>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">Dette er diverre ikkje ein heilt beinvegs prosess. Ingenting i denne hobbyen er det. Men eg har grua meg litt til akkurat denne delen, sidan det krev \u00e5 fjerne materiale fr\u00e5 \u00f8yredelen. Skummelt!<\/p>\n\n\n\n<figure class=\"wp-block-embed-youtube aligncenter wp-block-embed is-type-video is-provider-youtube wp-embed-aspect-16-9 wp-has-aspect-ratio\"><div class=\"wp-block-embed__wrapper\">\n<iframe loading=\"lazy\" title=\"Boba Fett-hjelmen: Elektronikk\" width=\"640\" height=\"360\" src=\"https:\/\/www.youtube.com\/embed\/zyanCRp-x4k?feature=oembed\" frameborder=\"0\" allow=\"accelerometer; autoplay; clipboard-write; encrypted-media; gyroscope; picture-in-picture; web-share\" referrerpolicy=\"strict-origin-when-cross-origin\" allowfullscreen><\/iframe>\n<\/div><\/figure>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">I filmen ser vi <strong>to raude lys<\/strong> som blinkar i eit bestemt m\u00f8nster og <strong>tre kvite lys<\/strong> som skrur seg p\u00e5 i avstandsm\u00e5laren n\u00e5r stanga er <strong>i vassrett posisjon<\/strong>. Du kan \u00f2g sj\u00e5 at stanga kjem borti ein liten raud prikk n\u00e5r ho st\u00e5r i denne posisjonen. Denne prikken er toppen av ein <strong>Honeywell 11SX1-T mikrobrytar<\/strong>. <\/p>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">Du treng berre dei raude lysa for \u00e5 f\u00e5 godkjent kostymet, og dei treng ikkje \u00e5 fungere. Men viss du siktar p\u00e5 h\u00f8gare n\u00f8ysemd, m\u00e5 alle elementa vere til stades:<\/p>\n\n\n\n<ul class=\"wp-block-list\"><li>Hjelmen m\u00e5 ha to raude lys og tre kvite lys.<\/li><li>Lysa m\u00e5 sl\u00e5 seg p\u00e5 n\u00e5r stanga er i vassrett posisjon.<\/li><li>Stanga m\u00e5 vere borti ein Honywell-liknande brytar n\u00e5r ho st\u00e5r i vassrett posisjon.<\/li><\/ul>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">Du <em>treng ikkje<\/em> \u00e5 kople lysa til brytaren. Det finst m\u00e5tar \u00e5 gjere lysa sj\u00f8lvstendig. Men det er jo ikkje noko g\u00f8y!<\/p>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">(Sj\u00f8lv om tyngdekraft-aktiverte lys <em>h\u00f8yrast<\/em> kult ut!)<\/p>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">Eg fekk tak i eit lyssett med ein mikrobrytar og ei ny, hul stang for \u00e5 byte ut den stanga eg har no. Og sidan eg likevel skulle laga hol i hjelmen, s\u00e5 bestemte eg meg for \u00e5 monterte <strong>den fjernstyrte servo-motoren<\/strong>. <\/p>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">Ikkje p\u00e5kravd. Men kult!<\/p>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">For \u00e5 montere servoen m\u00e5tte eg utvide holet i stanga og hjelmen. Eg brukte ein metalldrillbit. Servoen m\u00e5tte sitje tett fast, s\u00e5 eg hjelpte til med bittelitt lim. <\/p>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">Eg brukte E6000 for \u00e5 montere motoren inni hjelmen, og s\u00e5 kledde eg den inn med kitt (Sugru\/Kintsuglue).<\/p>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">For \u00e5 gjere batteripakken lett tilgjengeleg, festa eg han med borrel\u00e5s som eg limte fast med limpistol.<\/p>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">I videoen gl\u00f8ymte eg \u00e5 vise korleis eg l\u00f8yste problemet med at toppfliken ikkje var brei nok. Eg pr\u00f8vde \u2013 men feila \u2013 \u00e5 lage ein ny flik. S\u00e5 eg tok ein liten spiker, b\u00f8ygde han litt over 90 grader og limte han fast i skrueholet. S\u00e5 no er fliken b\u00e5de limt p\u00e5 og hekta fast. Avstandsm\u00e5laren ramlar ikkje av med mindre eg verkeleg g\u00e5r inn for det!<\/p>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">Eg m\u00e5la ogs\u00e5 alt kvit resin i \u00f8yrestykket, s\u00f8lv. Ikkje n\u00f8dvendig sidan det ikkje er synleg, men eg hadde lyst likevel.<\/p>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">Seinare har eg lyst til \u00e5 montere eit par vifter inni hjelmen. D\u00e5 h\u00e5per eg at eg kan montere batteripakken til viftene p\u00e5 montsett side av avstandsm\u00e5laren for \u00e5 skape balanse<sup>1<\/sup>. Men det f\u00e5r vente til ein annan gong.<\/p>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">Dette brukte eg:<\/p>\n\n\n\n<ul class=\"wp-block-list\"><li>Lyssett fr\u00e5 Jc27 p\u00e5 <a href=\"https:\/\/www.thedentedhelmet.com\/forums\/threads\/fph2-rangefinder-light-kit.35002\/\" rel=\"external\">The Dented Helmet<\/a><\/li><li>Tr\u00e5dlaus servomotor fr\u00e5 <a href=\"https:\/\/blacktuskworkshop.com\/product\/wireless-servo-kit\/\" rel=\"external\">Black Tusk Workshop<\/a><\/li><li>Sandpapir, ymse sortar<\/li><li>Filer<\/li><li>Rettslipar med forskjellige bits<\/li><li>Drillbor med forskjellige bits<\/li><li>Kvit ABS-plast<\/li><li>Superlim<\/li><li>E6000-lim<\/li><li>Limpistol<\/li><li>Kitt<\/li><li>Borrel\u00e5s<\/li><li>Avbitartang<\/li><li>Batteri<\/li><li>Maskeringsteip<\/li><li>St\u00f8vmaske<\/li><li>S\u00f8lvm\u00e5ling<\/li><li>M\u00e5larpensel med tynn spiss<\/li><li>Tr\u00e5d<\/li><li>Binders<\/li><\/ul>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\"><em>1) Eg testa om stroppar kunne hjelpe mot ubalansen, men det var for upraktisk. Eg brukte stroppar i stormtrooper-hjelmen, men har <a href=\"https:\/\/tk32700.com\/nn\/costuming\/helmet-padding\/\">fjerna<\/a> dei.<\/em><\/p>","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Installerer elektronikk i hjelmen<\/p>","protected":false},"author":1,"featured_media":51989,"comment_status":"open","ping_status":"closed","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[123,48],"tags":[49],"class_list":["post-51979","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-boba-fett","category-costuming","tag-boba-fett"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/tk32700.com\/nn\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/51979","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/tk32700.com\/nn\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/tk32700.com\/nn\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/tk32700.com\/nn\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/tk32700.com\/nn\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=51979"}],"version-history":[{"count":12,"href":"https:\/\/tk32700.com\/nn\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/51979\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":51993,"href":"https:\/\/tk32700.com\/nn\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/51979\/revisions\/51993"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/tk32700.com\/nn\/wp-json\/wp\/v2\/media\/51989"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/tk32700.com\/nn\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=51979"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/tk32700.com\/nn\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=51979"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/tk32700.com\/nn\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=51979"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}