{"id":51897,"date":"2020-08-23T14:51:46","date_gmt":"2020-08-23T12:51:46","guid":{"rendered":"https:\/\/tk32700.com\/?p=51897"},"modified":"2020-10-12T16:00:56","modified_gmt":"2020-10-12T14:00:56","slug":"building-boba-sidearm","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/tk32700.com\/nn\/costuming\/building-boba-sidearm\/","title":{"rendered":"Bygge Boba: Pistolen"},"content":{"rendered":"<p class=\"wp-block-paragraph\">Handv\u00e5penet til Boba Fett er ein <em>Sacros K-11 Disintegrator Pistol<\/em>. Den verkelege gjenstanden var ein lett tilpassa <em>Technisub Pulce 40<\/em> spydfiskepistol. <\/p>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">V\u00e5pen er ikkje p\u00e5kravd for basisgodkjenning, men viss du har h\u00f8gste niv\u00e5 av kostymedetalj-n\u00f8yaktigheit \u00ad\u2013 som definert i CRL-dokumentet \u2013 som m\u00e5l, er v\u00e5pen vanlegvis eit krav<sup>*<\/sup>. Eg h\u00e5per at eg kan s\u00f8ke om godkjenning p\u00e5 Infamous-niv\u00e5et med Fett-drakta mi ein dag, men fyrst m\u00e5 eg byggje handv\u00e5penet.<\/p>\n\n\n\n<blockquote class=\"wp-block-quote is-layout-flow wp-block-quote-is-layout-flow\"><p>*) Merk at det kan vere forbod mot v\u00e5pen i enkelte regionar, s\u00e5 h\u00f8yr med den lokale garnisonen eller utposten din. Det er \u00f2g ei generell fr\u00e5r\u00e5ding om bruk av v\u00e5pen p\u00e5 visse typar arrangement. Dette er opp til arrang\u00f8ren eller koordinatoren.<\/p><\/blockquote>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">Eg har leita etter den ekte delen ei stund, men ulempa med \u00e5rgangsgjenstandar er at dei klatrar raskt i pris, s\u00e6rleg viss du bur i Noreg og m\u00e5 importere dei. Eg har enno ikkje funne ein Pulce 40 som eg har r\u00e5d til, s\u00e5 eg bestemte meg for \u00e5 g\u00e5 for ein replika. <\/p>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">Heldigvis finst det mange replika-alternativ. Ein av desse er laga av Fettology p\u00e5 The Dented Helmet. Settet hans er enkelt \u00e5 setje saman, og er nesten klart til bruk rett ut av eska. <em>Nesten<\/em>.<\/p>\n\n\n\n<figure class=\"wp-block-embed-youtube aligncenter wp-block-embed is-type-video is-provider-youtube wp-embed-aspect-16-9 wp-has-aspect-ratio\"><div class=\"wp-block-embed__wrapper\">\n<iframe loading=\"lazy\" title=\"Boba Fett-pistolen - Pulce 40-replika\" width=\"640\" height=\"360\" src=\"https:\/\/www.youtube.com\/embed\/aaMKvUkDp_M?feature=oembed\" frameborder=\"0\" allow=\"accelerometer; autoplay; clipboard-write; encrypted-media; gyroscope; picture-in-picture; web-share\" referrerpolicy=\"strict-origin-when-cross-origin\" allowfullscreen><\/iframe>\n<\/div><\/figure>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">Settet til Fettology kjem med \u00e5tte delar i resin, fire metallstifter og eit lita fj\u00f8r. Resindelane kjem i dei rette fargane. Dei ser fantastiske ut og det er lett \u00e5 skj\u00f8ne korleis ein skal setje dei saman.<\/p>\n\n\n\n<figure class=\"wp-block-image size-large\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" width=\"1024\" height=\"576\" src=\"https:\/\/tk32700.com\/wp-content\/uploads\/2020\/08\/pulce-1-1024x576.jpg\" alt=\"\" class=\"wp-image-51899\" srcset=\"https:\/\/tk32700.com\/wp-content\/uploads\/2020\/08\/pulce-1-1024x576.jpg 1024w, https:\/\/tk32700.com\/wp-content\/uploads\/2020\/08\/pulce-1-400x225.jpg 400w, https:\/\/tk32700.com\/wp-content\/uploads\/2020\/08\/pulce-1-768x432.jpg 768w, https:\/\/tk32700.com\/wp-content\/uploads\/2020\/08\/pulce-1.jpg 1280w\" sizes=\"auto, (max-width: 1024px) 100vw, 1024px\" \/><\/figure>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">Men som du kunne sj\u00e5 i videoen, hadde eg litt tr\u00f8bbel med avtrekkjaren. Holet for stiften var ikkje heilt beint, s\u00e5 avtrekkjaren s\u00e5g skeiv ut. Og n\u00e5r eg pr\u00f8vde \u00e5 rette det, knakk han. Eg hadde eit lite augeblikk i rein panikk, heilt til eg kom p\u00e5 at vi jo bruker \u00e5 seie at det er meir superlim enn resin i replikaene v\u00e5re.<\/p>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">S\u00e5 eg reparerte avtrekkjaren. Og s\u00e5 drilla eg ut holet litt slik at han skulle bli rett. Og til slutt limte eg fast delane, sj\u00f8lv om det strengt tatt ikkje er n\u00f8dvendig med dette settet.<\/p>\n\n\n\n<figure class=\"wp-block-image size-large\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" width=\"1024\" height=\"576\" src=\"https:\/\/tk32700.com\/wp-content\/uploads\/2020\/08\/pulce-2-beforeweathering-1024x576.jpg\" alt=\"\" class=\"wp-image-51900\" srcset=\"https:\/\/tk32700.com\/wp-content\/uploads\/2020\/08\/pulce-2-beforeweathering-1024x576.jpg 1024w, https:\/\/tk32700.com\/wp-content\/uploads\/2020\/08\/pulce-2-beforeweathering-400x225.jpg 400w, https:\/\/tk32700.com\/wp-content\/uploads\/2020\/08\/pulce-2-beforeweathering-768x432.jpg 768w, https:\/\/tk32700.com\/wp-content\/uploads\/2020\/08\/pulce-2-beforeweathering.jpg 1280w\" sizes=\"auto, (max-width: 1024px) 100vw, 1024px\" \/><\/figure>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">D\u00e5 kunne eg endeleg starte tilsmussinga. Eg t\u00f8rrb\u00f8rsta med s\u00f8lvm\u00e5ling f\u00f8r eg gav heile pistolen ein svart akrylvask. Eg liker resultatet, men det kan hende at eg g\u00e5r over med meir s\u00f8lv seinare.<\/p>\n\n\n\n<figure class=\"wp-block-image size-large\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" width=\"1024\" height=\"576\" src=\"https:\/\/tk32700.com\/wp-content\/uploads\/2020\/08\/pulce-3-afterweathering-1024x576.jpg\" alt=\"\" class=\"wp-image-51901\" srcset=\"https:\/\/tk32700.com\/wp-content\/uploads\/2020\/08\/pulce-3-afterweathering-1024x576.jpg 1024w, https:\/\/tk32700.com\/wp-content\/uploads\/2020\/08\/pulce-3-afterweathering-400x225.jpg 400w, https:\/\/tk32700.com\/wp-content\/uploads\/2020\/08\/pulce-3-afterweathering-768x432.jpg 768w, https:\/\/tk32700.com\/wp-content\/uploads\/2020\/08\/pulce-3-afterweathering.jpg 1280w\" sizes=\"auto, (max-width: 1024px) 100vw, 1024px\" \/><\/figure>\n\n\n\n<figure class=\"wp-block-image size-large is-style-default\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" width=\"1024\" height=\"576\" src=\"https:\/\/tk32700.com\/wp-content\/uploads\/2020\/08\/pulce-4-afterweathering-1024x576.jpg\" alt=\"\" class=\"wp-image-51902\" srcset=\"https:\/\/tk32700.com\/wp-content\/uploads\/2020\/08\/pulce-4-afterweathering-1024x576.jpg 1024w, https:\/\/tk32700.com\/wp-content\/uploads\/2020\/08\/pulce-4-afterweathering-400x225.jpg 400w, https:\/\/tk32700.com\/wp-content\/uploads\/2020\/08\/pulce-4-afterweathering-768x432.jpg 768w, https:\/\/tk32700.com\/wp-content\/uploads\/2020\/08\/pulce-4-afterweathering.jpg 1280w\" sizes=\"auto, (max-width: 1024px) 100vw, 1024px\" \/><\/figure>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\"> Avtrekkjaren fungerer, men eg er usikker p\u00e5 om superlimet er sterkt nok. Han kan knekkje igjen viss eg er for hardhendt. Men handv\u00e5penet er nesten ikkje sett i filmen, og er stort sett alltid i h\u00e5penhylsa. Og eg kjem ikkje til \u00e5 l\u00f8pe rundt og lekeskyte<sup>**<\/sup> med pistolen. Den er der mest for heilskapsinntrykket.<\/p>\n\n\n\n<blockquote class=\"wp-block-quote is-layout-flow wp-block-quote-is-layout-flow\"><p>**) Sj\u00f8lv om dette er ikkje-verksame replikaer laga av resin, gummi eller plast, s\u00e5 skal du alltid handsame eit replikav\u00e5pen som om det er ekte. Aldri sikt replikav\u00e5penet mot andre, f\u00f8lg v\u00e5penrestriksjonar p\u00e5 arrangementet eller staden, og lytt alltid til vakthald eller politi viss dei ber deg leggje replikav\u00e5penet ned.<\/p><\/blockquote>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">Det er framleis mykje arbeid att f\u00f8r kostymet mitt er i n\u00e6rleiken av Infamous-niv\u00e5, men eg trur handv\u00e5penet er klart.<\/p>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\"><\/p>","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Eg byggjer ein Pulce 40-replika.<\/p>","protected":false},"author":1,"featured_media":51899,"comment_status":"open","ping_status":"closed","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[123,48],"tags":[49],"class_list":["post-51897","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-boba-fett","category-costuming","tag-boba-fett"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/tk32700.com\/nn\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/51897","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/tk32700.com\/nn\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/tk32700.com\/nn\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/tk32700.com\/nn\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/tk32700.com\/nn\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=51897"}],"version-history":[{"count":8,"href":"https:\/\/tk32700.com\/nn\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/51897\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":51909,"href":"https:\/\/tk32700.com\/nn\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/51897\/revisions\/51909"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/tk32700.com\/nn\/wp-json\/wp\/v2\/media\/51899"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/tk32700.com\/nn\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=51897"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/tk32700.com\/nn\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=51897"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/tk32700.com\/nn\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=51897"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}