{"id":1653,"date":"2020-05-01T15:37:17","date_gmt":"2020-05-01T13:37:17","guid":{"rendered":"https:\/\/tk32700.com\/?p=1653"},"modified":"2024-11-07T10:59:00","modified_gmt":"2024-11-07T09:59:00","slug":"why-costuming-is-worth-it","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/tk32700.com\/nn\/blog\/why-costuming-is-worth-it\/","title":{"rendered":"Verdien i kostymehobbyen"},"content":{"rendered":"<p class=\"wp-block-paragraph\">I dag er det den 1. mai \u2013 eller \"501st Day\" etter amerikansk kalender. I h\u00f8ve denne vilk\u00e5rlege dagen vil eg dele ei historie om kvifor eg synest kostymehobbyen er verdt det.<\/p>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">Det er mange grunnar til at eg liker denne hobbyen. Hovud\u00e5rsaka er sj\u00f8lvsagt at eg liker Star Wars-filmane. Men eg held ogs\u00e5 p\u00e5 med dette fordi eg synest kostyme er g\u00f8y, fordi eg liker \u00e5 byggje ting, fordi eg set pris p\u00e5 samhaldet og venskapa i klubben, fordi velgjerdsarbeidet vi gjer er viktig, fordi det er interessant \u00e5 l\u00e6re om korleis dei originale kostyma og rekvisittane vart til, og mykje meir. Eit viktig aspekt med hobbyen er \u00e5 spreie glede, og det er det eg vil sj\u00e5 p\u00e5 no.<\/p>\n\n\n\n<div class=\"wp-block-image\"><figure class=\"aligncenter size-medium\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" width=\"225\" height=\"400\" src=\"https:\/\/tk32700.com\/wp-content\/uploads\/2020\/04\/fritidsmesse_20190821-1-225x400.jpg\" alt=\"\" class=\"wp-image-1704\" srcset=\"https:\/\/tk32700.com\/wp-content\/uploads\/2020\/04\/fritidsmesse_20190821-1-225x400.jpg 225w, https:\/\/tk32700.com\/wp-content\/uploads\/2020\/04\/fritidsmesse_20190821-1.jpg 576w\" sizes=\"auto, (max-width: 225px) 100vw, 225px\" \/><figcaption>Foto: Stein Andr\u00e9 Olsen<\/figcaption><\/figure><\/div>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\"><em>Over: Eg st\u00e5r vakt ved 501st-standen p\u00e5 ei messe i august 2019. <\/em><br>(<em>Merk: ikkje den same messa som teksten handlar om.)<\/em><\/p>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">For eit par \u00e5r sidan stod eg vakt (i kostyme) ved 501st-standen p\u00e5 ei kosymemesse n\u00e5r ei ten\u00e5ringsjente kom bort til meg. N\u00e5r eg troopar legg eg ikkje s\u00e5 godt merke til folk sidan eg nesten ikkje ser, og eg h\u00f8yrer d\u00e5rleg i hjelmen. Men denne jenta gjorde inntrykk. <\/p>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">Jenta sa at ho ville takke meg. Eller meir presist, ho ville takke 501st Legion. Ho fortalde at ho hadde vore sjuk d\u00e5 ho var yngre. Veldig sjuk. Ho hadde vore innlagt p\u00e5 sjukehuset, og hadde \u00f8nska \u00e5 berre gje opp og svinne hen. <\/p>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">Rundt denne tida hadde nokre trooparar fr\u00e5 501st Legion kome p\u00e5 sjukehusbes\u00f8k p\u00e5 barneavdelinga der ho var innlagt.<\/p>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">Den dagen var den fyrste dagen ho hadde smilt p\u00e5 fleire veker, fortalde ho meg, og ho syntest at det var heilt utruleg \u00e5 sj\u00e5 dei andre barna der lyse opp \u2013 barn ho hadde tilbringa mange dagar saman med og berre sett sorg og smerte. Bes\u00f8ket hadde tydd utruleg mykje for dei alle.<\/p>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">Dette! Dette er grunnen til at eg held p\u00e5 med dette. \u00c5 vite at denne tullete kostymehobbyen faktisk <strong>tyder<\/strong> noko for nokon\u2026 Det gjer kvar einaste time med liming, maling, filing, sying, sveitting og banning verdt det. Det gjer kvar vassblemme og bl\u00e5merke verdifulle. \u00c5 vite at eit barn opplever glede fordi vi er der.<\/p>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">Eg vart r\u00f8rt av \u00e5 h\u00f8yre p\u00e5 historia til jenta. Ho hadde funne h\u00e5p, og no var ho blitt frisk. Eg er bra sikker p\u00e5 at ho ville blitt frisk uansett, men eg var likevel veldig glad p\u00e5 hennar vegner. <\/p>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">Attforteljinga mi er ikkje p\u00e5 langt n\u00e6r like god som historia hennar. Ho snakka fr\u00e5 hjartet, eg skriv berre fr\u00e5 hugsen min etter \u00e5 ha m\u00f8tt ho p\u00e5 messa. (Eg vil p\u00e5peike at eg ikkje var med p\u00e5 sjukehusbes\u00f8ket. Ho kom bort til meg p\u00e5 messa rett og slett berre fordi eg var medlem av 501st Legion, og ho ville takke oss.)<\/p>\n\n\n\n<div class=\"wp-block-image\"><figure class=\"aligncenter size-medium is-resized\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" src=\"https:\/\/tk32700.com\/wp-content\/uploads\/2019\/08\/66633579_147141173057655_2501965203912289485_n-400x400.jpg\" alt=\"\" class=\"wp-image-1414\" width=\"250\" height=\"250\" srcset=\"https:\/\/tk32700.com\/wp-content\/uploads\/2019\/08\/66633579_147141173057655_2501965203912289485_n-400x400.jpg 400w, https:\/\/tk32700.com\/wp-content\/uploads\/2019\/08\/66633579_147141173057655_2501965203912289485_n-150x150.jpg 150w, https:\/\/tk32700.com\/wp-content\/uploads\/2019\/08\/66633579_147141173057655_2501965203912289485_n.jpg 640w\" sizes=\"auto, (max-width: 250px) 100vw, 250px\" \/><figcaption>Foto av <a href=\"https:\/\/www.instagram.com\/p\/B0-gQIgHFk2\/\" rel=\"external\">Torucon<\/a><\/figcaption><\/figure><\/div>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\"><em>Over: Eg og eit par trooperar fr\u00e5 Nidaros Imperial Squad som m\u00f8ter ein tannlaus skapning p\u00e5 ei messe.<\/em><\/p>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">Men historia er ikkje over enno! I fjor var eg p\u00e5 den same messa igjen. Ein cosplayer kom forbi standen v\u00e5r. Eg kjente ho igjen med ein gong, det var den same jenta!<\/p>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">Ho kjente ikkje meg igjen med det same (eg var jo ikkje i drakt denne gongen), men ho hugsa samtala v\u00e5r fr\u00e5 eit par \u00e5r tilbake. Ho vart overraska og glad over at eg hugsa ho. <\/p>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">Eg spurte ho om kostymet sitt. Ho fortalde at ho hadde blitt inspirert til \u00e5 byrje med kostymehobbyen delvis p\u00e5 grunn av 501st-bes\u00f8ket. Kostymet ho hadde laga var fr\u00e5 eit videospel eg ikkje kjenner s\u00e5 godt, men ho fortalde ivrig om korleis ho hadde g\u00e5tt fram for \u00e5 gjere research og skape kvar einaste vesle detalj. Ho hadde vorte ein ekte kostymebyggjar, heilt oppsluka i sj\u00f8lv den minste detaljen!<\/p>\n\n\n\n<p class=\"wp-block-paragraph\">F\u00f8r ho gjekk fortalde jenta at ho snart skal p\u00e5 sitt fyrste sjukehusbes\u00f8k i kostyme. Ikkje eit Star Wars-kostyme, men vi kan sj\u00e5 mellom fingrane p\u00e5 det, ikkje sant?  \ud83d\ude42<\/p>","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Det er fleire grunnar til at eg liker kostymebygging. Ein viktig del av denne hobbyen er \u00e5 spreie glede. La meg fortelje ei historie.<\/p>","protected":false},"author":1,"featured_media":1703,"comment_status":"open","ping_status":"closed","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[20],"tags":[38,170,11,91,160,169,16,14],"class_list":["post-1653","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-blog","tag-501st-legion","tag-cancer","tag-charity","tag-cosplay","tag-featured","tag-st-olavs-hospital","tag-torucon","tag-trondheim"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/tk32700.com\/nn\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/1653","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/tk32700.com\/nn\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/tk32700.com\/nn\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/tk32700.com\/nn\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/tk32700.com\/nn\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=1653"}],"version-history":[{"count":18,"href":"https:\/\/tk32700.com\/nn\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/1653\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":51943,"href":"https:\/\/tk32700.com\/nn\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/1653\/revisions\/51943"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/tk32700.com\/nn\/wp-json\/wp\/v2\/media\/1703"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/tk32700.com\/nn\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=1653"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/tk32700.com\/nn\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=1653"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/tk32700.com\/nn\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=1653"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}